| Bli med!
|
EIN VOND LAGNAD Familien som dreiv Sigdestad på slutten av 1800-talet fekk ein vond lagnad, Anna og Harald Sigdestad gifta seg på Tunold, og Anna kom til ein gjeldfri gard med god økonomi. Det var gode år i starten. Dei fekk sju born, men to av dei døydde som små. I 1908 fekk Harald magekreft og døydde, 45 år gamal. Dei stod likevel på og greidde å drive garden bra. Den eldste sonen, Iver, som då var 21 år, var flink til å arbeide. Likevel likte han betre å lese og hadde lyst å gå skulevegen. Han kom saman med ein kunnskapsrik mann i skulekrinsen som hadde vore sjukleg i lenger tid. Iver lånte bøker av han, og dei vart gode vener. Eter ei tid byrja Iver å skrante. Dokteren vart henta . Iver hadde fått tæring (tuberkulose), og han døydde kort tid etter. To år seinare søkte den eldste dottera på lærarskulen, men ho vart sjuk og kunne ikkje reise. Ho var smitta av tæring og døydde. Endå meir vondt skulle hende nokre år seinare. I 1920 skulle yngste sonen, Bernhard, ned på Oppstrynsvatnet og prøve den nylagde isen saman med kameratane. Han var ikkje venta heim før dagen etterpå. Men i staden for Bernhard, kom det to menn med den sørgjelege bodskapen om at Bernhard hadde gått gjennom isen og drukna. Anna hadde då igjen to born, Jon og Hanna. Jon dreiv garden vidare og Hanna vart gift i Hjelledalen. I 1928 døydde Anne Sigdestad, 64 år gamal. |