| Bli med!
|
"SEGESTADS
VENER"
Namnet Sigdestad vert i daglegtale ikkje brukt, folk i bygda seier Segestad. Dette namnet vart difor naturleg å bruke på interessegruppa som danna seg rundt denne staden. Etter at siste brukaren døde i 1961, vart husa ståande for ver og vind i ein 20-års-periode, utan vedlikehald. Det var på høg tid at foreininga "Segestads vener" vart skipa i 1983. Då var taka delvis avblesne og veggane i våningshuset var byrja å ta skade. Vind og væte hadde fritt spelerom om ingenting vart gjort SNART. Drivkraft i denne perioden var den 70 år gamle Jon Tunold, som var søskenbarn til siste brukar, Jon Sigdestad. "Segestads vener" hadde som
føremål å restaurere våningshuset og låven for
seinare å kunne bruke staden til overnattings- og
serveringsstad i samband med friluftsliv. I dag kan foreininga sjå tilbake på 15 aktive år der mykje arbeid er gjort for Segestad, det viktigaste er:
Tyngda av arbeidet er gjort på dugnad. Offentlege midlar. Siste åra har det også kome til ein del offentlege midlar til dekkjing av m.a.transportkostnader (helikopter) når store byggjemateriale skulle på plass, og ein har og fått dekt løn til noko av snikkararbeidet. "Segestads vener" er framleis ei aktiv foreining med ca.100 medlemer. Kanskje er du av dei som har vore på Segestad og som støttar restaureringsarbeidet ? Eller har du lyst å besøkje staden ein gong, då er du velkomen. Kanskje kan du tenkje deg å støtte arbeidet ? Kontonr. er 3795.20.045 |