| Bli med!
|
GLOMNESFOSSEN
OG FOSSELANDSKAPET Glomnesfossen
er det første blikkfanget ein får når ein kjem til
Oppstryn og vil til Segestad. Denne fossen har ein staseleg utsjånad der han kastar seg utføre hamrane. Glomsdalen er ein hengande sidedal, og fossen er eit resultat av dette naturfenomenet. Vegetasjonen ved fossefallet er frodig og artsrik. Den vegetasjonskledde knausen ved foten av fossen har utvikla seg til det ein kallar ei fosse-eng. Føresetnaden for at det skal bli fosse-enger, er at sprutsona til fossen må nå vegetasjonen. Dette området må også ha grunnlag for at vegetasjonen kan feste seg, d.v.s. at lausmassar antan må vere der, eller kunne bli tilført.Elva må også renne passeleg djupt slik at vass-drivet når plantane og ikkje berre steile berghamrar. Faktorar som råme, vind og temperatur verkar inn på korleis vegetasjonen i ei fosse-eng vil bli. Dette heng nøye saman. Di meir vind som bles, di lenger vil vasspruten bli ført av garde. Store og tunge vassdropar vil påverke området nærast fossen. Vinden er også hardast der, fordi luftmassene vil bli aksellerert av fallande vassmengder.. Vasspruten vil avta ved lenger avstand frå fossen. Dei fjernaste områda av enga blir berre utsette for lette regndråpar. Temperaturen er avhengig av kor kaldt vatnet er. Temperaturen på enga er lågast der lufta har størst kontakt med vatnet,dvs. nærast fossen. Derifrå vil temperaturen auke i takt med avstanden frå fossen. Tilhøva nær fossen med hardt trykk av vatn og vind, og kald temperatur, fører til at slitesterke og hardføre plantar kan leve der. Døme på artar som vi finn på og rundt fosse-enga:
For spesielt interesserte: Botanisk hage, JNPS Vegetasjonen oppe på Sigdestad er kartlagd, og det er utarbeidd ein skjøtselsplan for vidare stell av kulturlandskapet der. |