| Bli med!
|
1.FAST I LØYPESTRENGEN
I gamle dagar var der løypestreng frå Sigdestad og ned til Skarpenes, vest for garden Glomnes. Folk frå begge sider av vatnet dreiv med utslåttar i fjellsidene nord for Sigdestad. Ein plassemann på Nesje, Lars i Morkjene, deltok i dette arbeidet. Han fortalde eingong om ei utruleg hending han var vitne til: Dei hadder slegje ein heil del gras inne i dalen, og dette bar dei fram til ein stad nær Sigdestad, der graset vart hesja. Turrhøyet la dei i børar som dei så sende med løypestrengen. Denne gjekk frå ei bjørk like vest for husa på Sigdestad. Der er det stupbratte hamrar som endar i bratte urder eit stykke ovanfor vatnet. Gabriel Glomnes kom fram
til løypsetrengen med ei turrhøybør. Han fekk børa
opp på strengen og skubba til henne slik at ho skulle
få fart. Men på ein eller annan måte hadde han fått
eine togenden rundt høgre foten. Børa for dansande
nedetter, og Gabriel vart dregen etter. Børa drog Gabriel nedetter øvste berget. Han hadde ingenting å halde seg i. Farten auka, og Gabriel hekk fast etter eine foten. Til alt hell klarte han å få tak i ein bjørketopp med hendene sine, og der hekk han mellom himmel og jord, i stupbratte flogfjellet. Kva skulle han gjere? Gabriel var svært sterk, Han greidde å halde seg fast med eine handa og fekk tak i slirekniven med den andre. Kraftig som han var, greidde han å dra børa så mykje til seg at han fekk kappa toget, og børa for siglande ned til Glomnes. Gabriel datt ned i bjørkekollen, men bjørka var så lita at ho bøygde seg slik at Gabriel vart hengande utføre hammaren. Panikk fekk han ikkje, han heldt seg fast i bjørka. Røtene heldt, og Gabriel greidde å klatre oppover hammaren etter bjørka. Då han nesten var komen opp på kanten, vart tyngda for stor, bjørka brotna, men nokre skorer i fjellet berga han. Han klarte til slutt å kome seg opp på hammaren. Mykje folk var samla oppe ved løypestrengen. Gabriel sleit set opp siste meterane og hadde følgjande kommentar: " Han fekk ikkje tak i me dinja gongjen, helde." 2.HOPPELINKA Dette hende for lenge sidan. Snøen gjekk sint bort den våren på Sigdestad. Dei hadde lite høy att på låven til husdyra. Det dei hadde igjen, måtte dei ha til kyrne. Difor måtte dei prøve å få ut sauene på beite der det tok til å grønkast. Ein av sauene heitte Hoppelinka. Namnet hadde ho fått avdi ho hoppa i staden for å gå. Ho hadde fått skade i eine foten tidlegare. Hoppelinka var tynn og hadde mist ulla, fordi ho hadde fått for lite og mangelfull mat. Det var kaldt i veret, og husbonden fann på å ta eit svart saueskinn og binde over Hoppelinka så ho ikkje skulle fryse. Så vart fjøsdøra leten opp og sauene sprang ut, den eine etter den andre. Men Hoppelinka hadde ikkje krefter til å fare så fort. Ho kom hoppande etter dei andre og brækte: "Bæ, ikkje gå ifrå meg". Dei andre sauene såg
på henne med skrekk. Kva slag fårleg dyr var dette som
kom etter dei ? Det svarte skinnet gniksa og bråka når Hoppelinka gjekk. Her var det fåre på ferde, tenkte dei, kanskje var det bjørn. Og i full fart sette dei nedover frå husa. Først hoppa ein sau utfor stupet, så den eine etter den andre stakkaren. Hoppelinka kom hoppande eit stykke etter og stogga på stupkanten, såg utføre og brækte: "Bææææ, kvar vart det av dokke ?" 3.I KAMP MED ØRN Ørna kunne ofte vere nærgåande på Sigdestad, og fleire gonger gjorde ho ende på kje og lam. Så var det ein gong
Sigdestadmannen (Rasmus Skår 1842 - 1920) heldt på å
jage geitene opp i fjellet etter morgonstellet. Då fekk
han brått auge på ei ørn som hadde slege klørne i eit
kje. Kjeet gjekk i ei skor ut mot kanten av stupet vest
for husa. Rasmus vart arg, og ville prøve å få has på
ubeistet. Han greidde å lure seg inn på, og la seg over
ørna . Det vart ein drabeleg kamp på liv og død for begge. Ørna sette på av alle krefter for å kome seg utfor hammaren og få luft under vengene, men Sigdestadmannen gav seg ikkje. Han greidde å klore seg fast i ei bergskorte med eine handa, og fekk tak i slirekniven med den andre. Og då var det ikkje lenge før ørna måtte gje tapt. I 1931 var Magnus Guddal dreng på Sigdestad, han var då 18 år gammal. I fjellet utanfor Sigdestad helst det då til ei ørn. Om våren etter at kjea og geitene var utkomne, vart ørna frekk og nærgåande rundt garden. I den tid var ikkje ørna freda, slik som i dag, og det var ein stor stamme i fjella ikring Oppstryn. Då eit av kjea vart sjukt og døde, ville Magnus prøve seg som ørnejeger, og han ville bruke kjeet til agn. Han leitte fram revesaksa, og plasserte denne i ei skor der han visste at ørna brukte å halde seg. Han festa kjeet godt og batt saksa fast til ein bjørkerunn med kjetting. Dagen etter var både Magnus og husbonden, Jon, spente på å sjå om det hadde blitt fangst, og Magnus reiste ut i fjellet for å sjå etter. Han vart nesten fælen då han oppdaga at ørna sat fast i saksa. Han kvidde seg for å gje seg i kast med rovfuglen, men ung og uvøren som han var, tykte han mest det var spennande og. Ettersom han nærma seg ørna, vart ho sint, men Magnus lurte seg innpå henne og fekk tak rundt halsen hennar. Slik heldt han lenge, og han var sikker på at ho var død då han endeleg slepte taket. Men han vart overraska, for det viste seg at ørna var lys levande. Til alt hell fann han ein stav , og med den greidde han å ta livet av ørna. Denne drabelege kampen stod på ei skor som ikkje var meir enn ein meter brei. Under dei gjekk fjellet stupande bratt eit par hundre meter rett ned i vatnet. Det var ikkje ufårleg å vere i kamp med ørn på ein slik plass. Ørna vart seinare stoppa ut og står no på Hjelle skule. 4.OLA SIGDESTAD
I 1860-åra var det ein gardbrukar som heitte Iver Klausen Sigdestad . Han tok til seg ein gut som hadde mist foreldra sine. Kvar han kom frå, veit ingen i dag, men han vart verande på Sigdestad som dreng til han vart vaksen. Seinare reiste han til Stordalen på Sunnmøre. Han skreiv seg for Ola Sigdestad etter garden han vaks opp på. Ein søndagsmorgon seier husbonden til drengen sin : "Du Ola! I dag må du gjete buskapen, for eg skal til kyrkja". "Nei", seier Ola, "du var sist til kyrkje, og i dag er det min tur". Husbonden smilte lurt og seier: "Det er ikkje hjelp i at du går til kyrkje, for du høyrer ikkje etter kva presten preikar om". "No må du gje deg," ropte Ola, "eg skal høyre etter kva presten fortel frå preikestolen." Ja, han Ola hadde på seg kyrkjekleda og reiste til Glomnes. Der fekk han fylge kyrkjebåten til Fosnes. Då han kom inn i kyrkja , leita han opp "stolen" som Sigdestadfolket brukte. Etter at presten var ferdig for altaret, gjekk han opp på preikestolen og byrja å preike. Men han Ola høyrde ikkje etter. Det var så mykje nytt ved kyrkja i dag. Han Lasse . hadde fått seg nye klede, og så var det to pene jenter frå Flo som han ikkje kunne ta augene frå. Og så var det komen ein ny klokkar som song så pent. Då gudstenesta var over, gjekk kyrkjefolket ut på kyrkjebakken, der dei helsa på slekt og vener og spurde nytt frå bygda. Med eitt kom Ola Sigdestad på at han ikkje hadde høyrt etter kva presten preika om. Husbonden kom til å le åt han når han kom heimatt. Han gjekk bort til ein sambygding og spurde kva presten preika om i dag. Denne karen var ein luring og seier: "I dag preika han om Marte i Bråtå". Glad i hug gjekk Ola ned til kyrkjebåten og tok på heimveg. Då han sat ved matbordet på Sigdestad
og var god og mett, kjem husbonden inn. Han ser bort på
Ola dreng og spør: "Kva for eit evangelie var det
presten preika over i dag ?" Men då sette husbonden i å le, for ho Marte i Bråtå var ei fattigkjerring som for rundt bygda og tigga mat. (Spørsmål: Hugsar du kva presten preika om sist du var i kyrkja ?) |