| Bli med!
|
HUS
OG HUSTUFTER I DAG. Husa på Segestad ligg på ei rekkje , og har ein byggjeskikk som er sjeldan i Nordfjord. Våningshuset vart sikkert bygt over ein 4-års-periode, og var ferdig i 1908. Det er stort og har doble gråsteinsmurar. Etter at fonna kom og øydela plassen i 1902, flytte folket derifrå. Eigaren på hovedbruket, Harald Sigdestad, fekk då ta over murane etter husa på husmannsplassen, og plassemannen Martins var med og sette det store gråsteinshuset opp der det står i dag. Det måtte vere litt av eit slit å frakte på all den store steinen, og så byggje huset av så tungt materiale. Låvebygningen, som er ei skotlade
eller grindlade, var bygd i 1890. Byggeteknikken er heilt
spesiell med ein frittståande berekonstruksjon
innvendig. Riv ein ned veggane, står dette skjelettet
att. Ytterveggane er frigjorde frå berebjelken. Dette er
ein gammal konstruksjon som var vanleg i jernalderbygg.
Låven har innkøyring midt på eine langveggen og
lagerrom på kvar side. Attmed lada står "spelhuset" som togbana endar opp i. Denne togbana vart sett opp i 1930-åra, og var til god hjelp når varer skulle til eller frå ein slik einbølt gard. Strengen vart sveiva med handemakt fram til 1943, då elektrisitet kom til Segestad. Etter siste brukar døydde, vart løypestrengen teken ut av bruk. Sidan den tid har støttene rotna ned, men strengen finn ein att her og der i marka. Like ved råsa, lengst nede på innmarka, står den einaste utelada som er att på garden. I tunet står enno murar att av eldhuset, eller ystehuset som det og vart kalla. Eit stykke ovanfor tunet finn vi mur-restar etter husmannsplassen. I alt kan ein finne 18 tufter etter det som ein gong var på Sigdestad. |