Bli med!

Historisk

Spennande historier

Kulturlandskapet

Botanikk

Husa

"Segestads Vener"

Skuletur med miljølære

The Sigdestad farm

Undervisnings-opplegg

Til MENY

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Til toppen

Undervisnings-opplegg for grunnskulen

MILJØLÆRE FOR SKULEBRUK

Fjellgarden Sigdestad er ein ideell stad for praktisk miljølære. Prosjektet har vore utprøvd ved Hjelle skule med vellukka resultat.

Elevane skreiv sjølve i lokalavisa Fjordingen etter gjennomføringa:

"Vi hadde to timar med førearbeid på skulen før vi drog. Først gjekk vi til Glomnesfossen, og deretter stien opp til Segestad. Undervegs fekk vi orientering om dei forskjellege postane (narursti-) opp til Segestad.

Matøkta.

Før vi åt, klatra vi i bjelkane på låven og hoppa i høyet. Så måtte vi slå oss til ro ved borda og høyre på orientering om garden Segestad. Etterpå byrja vi å ete. Så delte vi oss i ulike grupper: Potetkake-baking, ljåslått og steinbering."

(Så kjem ei utgreiing om det praktiske arbeidet i gruppene. Her tek vi med berre den eine.)

"Potetkake-baking.

Då vi var ferdige med steinberinga, hadde vi slite så fælt at det var på tide med matlaging. Då skulle vi prøve på gamlemåten å lage potetkaker. Først skrella vi skalet av kokte poteter. Etterpå mol vi dei i ei gammal kjøttkvern. Den måtte ein sveive for hand, for der var ikkje elektrisk kjøkkenmaskin. Vi baka deigen ut med kjevle eller flaske og stakk runde kaker ut med skåler. Vi gjekk ut til murane etter eldhuset, og steikte kakene på ein vedomn med ei stor helle på. Då dei var steikte, hadde vi blåbærsylte på. Vi steikte så mange at vi delte ut til lærarane og medhjelparane, og potetkakene smakte godt."

Pedagogisk vurdering.

Det som er viktig for born i ein læringsprosess, er at dei opplever noko som er meiningsfullt.

Denne miljølæredagen fekk dei sjølve vere med å gje liv til ein gammal gard, det vart til eiga røynle det borna så ofte berre opplever gjennom bøker og fag.

Difor kan ein dag som denne gje lærdom og kunnskap som elles ville forbli berre "tørr teori".

DEN GAMLE GARDEN (Ekstern lenke til meirarbeid).

Hosted by www.Geocities.ws

1