Bli med!

Historisk

Spennande historier

Kulturlandskapet

Botanikk

Husa

"Segestads Vener"

Skuletur med miljølære

The Sigdestad farm

Til MENY

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Til toppen

RASET PÅ SIGDESTAD I 1902.

Sigdestad var rekna for å vere ein trygg stad å bu på. Fjellsida ovanfor garden er ikkje så hengjebratt som dei fleste av fjellsidene elles i Oppstryn. Steinskred mot garden hadde det aldri vore snakk om, og snøskred hadde det heller ikkje gått her i manns minne. Men søndag den 13. januar 1902 hende det noko som sette støkken i alle som budde på Sigdestad og i bygda elles.

Denne søndagen var Martin Ivarson Flo, som var plassemann på Sigdestad, sonen Ivar (20 år) og søstra Bertanna (22år ) ein tur til Fosnes. Dei hadde truleg vore på vitjing til Ingeborg

(24 år ) som var den eldste i syskenflokken. Ho var syerske og bakar i Trulsstova på Fosnes. Det var mørkt då dei kom tilbake til Glomnes , og det hadde snøa tett heile dagen. Det var til å kvide på å gå opp hamrane til Sigdestad i slikt føre. Bertanna vart spurd om å liggje over hos tanta si på Glomnes, og det takka ho ja til. Men Martins og Ivar ville oppatt til ho som venta heime, Kristi, kona til Martins.

Då dei kom heim, hadde Kristi nett lagt sengekleda på ein stol for å ordne på halmen, slik ho hadde for vane. Ivar hadde lagt seg, og Martins hadde så vidt fått knappa opp bukseselane og skulle til å kle av seg, DÅ FONNA KOM. På ein augneblink vart glas og karmar, dører og tak sopa vekk. Berre dei solide gråsteinsmurane stod att.

Ivar fann seg sjølv att oppe på snømassane. Der låg han berre i undertøyet. Det var heilt mørkt ikring han, og han visste ikkje med det same kva som var hendt og kvar han var. Han kom seg laus og fekk varsla om ulukka på hovedbruket. Der hadde dei ikkje merka noko til fonna. Harald, som var brukar der, og Pernille Skåre (25 år), tenestejenta, gjekk straks ut for å leite etter Martins og Kristi. Ivar kom etter då han hadde fått lånt seg klede.

Dei fann Martins, som låg fastklemd i eit glashol. Det var ein planke som trykte hardt mot det eine låret. Han låg i uvit og hadde merke etter eit kraftig slag i hovudet. Såret i panna blødde stygt.Etter mykje strev fekk dei Martins laus, og dei bar han inn i stova til Harald.

Så var det å leite etter Kristi. Det var truleg at også ho låg i nærleiken av ruinane, men dei ropte og leita utan at det var teikn til liv. Dei tok til å tru at ho var død. Nedafor husa låg fonna høg og brei, og mørkret gjorde leitinga vanskeleg, dessutan var dei få og slitne.

Det var modalaust. Då fekk dei auge på plassehunden, han hadde berga seg unna snøraset og no gjekk han uroleg rundt og snusa i fonna lenger nede, mest ved kanten av jølet. Det var tudeleg at han kjende lukta av noko. Ivar sette spaden i fonna på denne staden. Snøen sokk i hop. Det var mest som han sette spaden ned i eit hol. Og der var Kristi. Ho stod oppreist i snøen, og attmed henne var stolen ned sengekleda. I sengekleda var det luft og varme, og dette redda livet hennar. Ho hadde fått pusterom. Spaden streifa høgre tinning, og her fekk Kristi eit lite kutt som ho bar merke etter seinare. Kristi var i uvit så dei grov henne fram, men kom seg fort til hektene då ho kom i hus. Det meste av tida i snøen hadde ho vore i medvit. "Eg var sikker på at eg aldri kom til å bli funnen i live, men det verste var likevel uvissa om korleis det hadde gått med dei andre", fortalde ho etterpå.

Martins hadde ein tobaksdåse i lomma då han låg fastklemd. Dåsen vart trykt flat, men han vart banka ut og teken i bruk att, som eit minne om denne dramatiske hendinga.

Anna, kona til Harald, var redd for at det kunne kome fleire fonner den natta. Ho kjende seg utrygg og bestemte det for å ta dei fen borna med seg ned til Glomnes. På same tid kunne ho få varsle dei der nede at dei ikkje hadde funne att Kristi. Det var seine kvelden og mørkt. Likevel streva dei seg ned hamrane i den djupe, lause snøen. Yngste dotra, Hanna, var berre tre år gammal og måtte berast på ryggen.

Etter ei travel ferd kom dei seg vel ned til Glomnes og fekk kome seg i hus. Knut og Tore Glomnes for straks i veg for å vere med på leitinga, og dei var med på å finne Kristi.

Pernille, Ivar, Kristi og martins overnatta i stova til Harald. Martins hadde fått den hardaste medfarten i fonna. Han låg lenge i uvit og hadde stort blodtap.Det leid fram på våren før han kjende seg som fullgod mann att.

Dagen etter ulukka, reiste mange menn til Sigdestad. No galdt det å berge dyra. Fonna hadde også teke fjøset på plassebruket, og dyra stod begravde i snøen. Etter iherdig graving fekk dei fram elleve sauer og to kyr som enno var i live. Sauene og kyrne vart jaga ned den bratte og fårlege råsa til Glomnes, der dei fekk plass for vinteren.

Alle som budde på Sigdestad, fekk ein otte i seg etter dette. Anne og borna budde hos Larsane på Glomnes heile denne vinteren. Tenestejenta, Pernille, var den einaste som budde fast på Sigdestad, ho ville stelle dyra og elles gjere si plikt. Harald budde delvis på Glomnes og delvis på heimegarden. Plassefolket flytta seinare til Grov.

Fonna vart eit vendepunkt for fjellgarden Sigdestad. Heilt sidan 1817 hadde det vore to bruk her, eit hovudbruk og eit plassebruk. Det var liv og røre på garden og lett å livnære seg. Men fonna skapte uhygge. Ein kjende seg ikkje lenger heilt trygge, og plassebruket vart ikkje bygt opp att.

For dei som er spesielt opptekne av ras, er det naturleg å kontakte skredforsknings-stasjonen i Grasdalen via Nasjonalparksenteret.

Hosted by www.Geocities.ws

1