Bli med!

Historisk

Spennande historier

Kulturlandskapet

Botanikk

Husa

"Segestads Vener"

Skuletur med miljølære

The Sigdestad farm

Til MENY

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Til toppen

NATURTILHØVE

Sigdestad er ein gard som ligg godt til mot sør og får mykje sol. Jordsmonnet er relativt næringsrikt og tørkesterkt med veksling mellom tørrberg og frodige forsenkningar med god jorddjupn.

Frå vatnet og opp mot garden dominerar furuskogen. Sidan tek lauvvegetasjonen over med bjørk som hovudtreart.

På slåtteengene veks m.a. karve, gjeldkarve, hundekjeks, skogstorknebb, jonsokkoll, mjødurt, myske, storklokke, nattfiol, vårmarihand, bergmynte, tjæreblom, gullhavre, småengkall og kvitbladtistel.

Rundt innmarka og i hamrane vest for tunet, finst ein del verdfull lauvskog som alm, rogn, hegg, selje og hassel. Lenger innover Glomsdalen finn vi storvaksen ospeskog. Lia ovafor innmarka består av blokkrik mark med tynt og usamanhengande jordsmonn. Her dominerer krypeineren, ved sida av enkelte storvoksne bjørkar med innslag av furu og blåbærlyng.

Lia opp til Sigdestad ligg i same fjellsida som Flostranda Naturreservat, der vi finn Nord-Europas største edellauvskog. Det er difor nokre av same kvalitetane og plantane vi finn att her.

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter har gjeve ut naturstihefte til begge turområda, der dei viktigaste opplysningane står.

Meir om vegetasjon.

Hosted by www.Geocities.ws

1