Bli med!

Historisk

Spennande historier

Kulturlandskapet

Botanikk

Husa

"Segestads Vener"

Skuletur med miljølære

The Sigdestad farm

Til MENY

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Til toppen

GEOGRAFISK PLASSERING

Sigdestad har ein av dei mest særprega og storslåtte plasseringar av gardane i Stryn, ja langt utover kommunegrensene.

Høgt og fritt ligg garden på ein framskoten rygg ved inngangen til Glomsdalen, oppe i nordsida ved Oppstrynsvatnet.

Frå gardstunet (314 m.o.h.) er det godt utsyn til Hjelledalen, Erdalen, Strandsida og dei kjende fjella ikring.

Som nabo, 1 km. lenger vest, finn vi den kjende frukt- og fotballbygda Flo. Det er bratt fjell og nesten uframkomeleg mellom dei to stadane, berre lokalkjende veit kvar det er mogleg å gå.

For å kome til Sigdestad, må du reise til Hjelle i Oppstryn. Derifrå går ein 3 km. lang gardsveg forbi Hjelle skule til garden Glomnes.

Her byrjar stien opp til Sigdestad, det er vanleg å rekne med 1/2 - 1 time på turen.

Hosted by www.Geocities.ws

1