Bli med!

Historisk

Spennande historier

Kulturlandskapet

Botanikk

Husa

"Segestads Vener"

Skuletur med miljølære

The Sigdestad farm

Til MENY

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Til toppen

ARBEIDET PÅ FJELLGARDEN.

Våronna var ei travel tid. Då pløgde dei åkrar og sådde bygg, havre og litt kveite. Poteter vart dyrka "overalt" i små torvvendte åkrar.

Graset slo dei for det meste i utmarka, sidan heimebøane måtte nyttast til korn. Når graset var utvokse om sommaren, var det å slå det med ljå langt til fjells. Deretter var det å pakke høyet inn i ei lita not dei kalla høymeis, og rulle denne med stor fart ned til kjerrevegen som gjekk innover dalen. Derifrå kunne det køyrast med hest og vogn heim til låven. Det var ofte eit umenneskeleg slit, men det var nødvendig for å få vinterfor til dyra.

I dei 4 uteløene som høyrde til Sigdestad, vart det lagra høy og lauv. Normalt hausta dei 3-4000 lauvkjerv kvart år. Bjørka gav dei største lauvmengdene, og vart gjeve til sau og geit. Almelauvet vart rispa av greinene og nytta som grisefor. Elles vart også alm, selje og rogn nytta. Ospelauv vart raka saman etter bladfall om hausten og lagra i eiga løe. Brukaren rekna med at viss han ikkje fekk raka ospelauv om hausten, måtte han ha 2 mjølkekyr mindre til vinteren.

Etter at grøda var komen i hus, truska dei kornet. Dei la kornbanda tett på låven og slo kornet av halmen med tust. Seinare brukte dei truskemaskin eller piggmaskin til å truske med, og drøftemaskin til å reinske kornet med.

Noko av dette utstyrer finn vi att i utstillinga inne i låven i dag.

På sætra inne i Glomsdalen hadde garden sel og fjøs, og ei budeie laga gamalost og kinna smør. Geitene vart mjølka heime på garden, og i eldhuset vart den gode geitosten laga.

Alt som skulle til og frå garden måtte berast på den smale stien ned til Oppstrynsvatnet der dei hadde båt. Om hausten skulle bonden selje ost, smør, huder og skinn. Kjøtet vart salta i tønner og sendt med jekt til Bergen.

Først i 1931 fekk dei taubane til Glomnes.

Om vinteren var det også nok å gjere. Kvinnfolka karda og spann, og vevstolen klapra frå tidleg til seint. Det var mange på garden som skulle ha klede. Einskjefta kvit vadmel vart veve til innertøy.

Til dresstøy vart svart og kvit ull karda saman til grått. Mannfolka sydde sko og laga bøtter, ambarar og mangt anna til gardsdrifta.

Dei hadde ikkje springvatn i dei dagar, og det hende at bekken i tunet var tørr. Då måtte dei bere vatnet frå kjelda 250 meter borte og heim til den store buskapen. Og når det var berrfrost, hende det at dei måtte ned i den djupe Glomsdøla og hente vatn der.

I smia vestafor husa vart det laga økser,ljå, grev og knivar. Ein brukar som heitte Klaus Sigdestad, var finsmed av rang. Han laga dei finaste slireknivar med messingholkar og slire med sølvbeslag som han selde på Strynemarknaden ( den tids Strynemesse).

Årsløn til drengar og terner var sko, klede og litt pengar. Kvinnfolka fekk som regel 1-2 dalar og mannfolka 3-4 dalar kontant.

Sigdestad var ein attraktiv gard å få seg teneste på, husbondsfolka var snille og tenestefolket fekk god betaling og godt stell.

Hosted by www.Geocities.ws

1