til bokmål
Vi, medlemer av verdsrørsla til fremje av esperanto, rettar dette manifestet til alle regjeringar, internasjonale organisasjonar og menneske med god vilje; erklærer vår faste vilje til å halda fram med arbeidet for å nå måla som er komne til uttrykk her; og innbyr alle andre organisasjonar og einskildpersonar til samarbeid for å nå dette målet.
Esperanto vart lansert i 1887 som forslag til hjelpespråk for internasjonal kommunikasjon, og utvikla seg snøgt til eit levande, nyanserikt språk. Det har i meir enn hundre år samla folk på tvers av språk- og kulturbarrierer. I denne tida har ikkje måla til brukarane vorte mindre viktige eller aktuelle. Korkje verdsvid bruk av nokre få nasjonalspråk, framgang innan kommunikasjonsteknologi eller det at ein finn fram til nye metodar i språkopplæringa vil verkeleggjera fylgjande prinsipp, som vi ser på som naudsynte for ei rettvis og effektiv språkordning.
1. Demokrati
Eit kommunikasjonssystem som favoriserer nokre mennneske gjennom heile livet, men krev av andre at dei skal streva fleire år for å nå opp til ein lågare grad av meistring, er grunnleggjande udemokratisk. Jamvel om esperanto som alle andre språk ikkje er fullkome, så er det heilt overlege alle konkurrentar når det gjeld likskap i verdsvid kommunikasjon.
Vi hevdar at mangel på språkleg likevekt gjev språkleg ubalanse på alle nivå, òg på det internasjonale. Vi arbeider for demokratisk kommunikasjon.
2. Internasjonal utdanning
Alle etniske språk er knytte til ein særskild kultur og nasjon. T d lærer alle engelskelevar om kulturen, geografien og politikken i engelskspråklege land, hovudsakleg Storbritannia og USA. Den som studerer esperanto lærer om ei verd utan grenser, der kvart land vert framstilt som ein heim.
Vi hevdar at utdanninga ved bruk av kvart eit etnisk språk er knytt til eit særskilt verdsperspektiv. Vi arbeider for internasjonal utdanning.
3. Pedagogisk effektivitet
Berre ein liten del av dei som lærer eit framandt språk meistrar det. Med esperanto er dette mogleg til og med ved sjølvstudium. Ulike studie syner korleis esperanto lettar innlæringa av andre språk. Ein tilrår òg esperanto som eit kjerneelement i kurs som skal utvikla språkmedvitet til studentane.
Vi hevdar at vanskane i etniske språk alltid vil presentere ei hindring for mange, som elles ville hatt utbyte av å lære språket. Vi arbeider for effektiv språkopplæring.
4. Fleirspråklege samfunnsmedlemer
Dei som talar esperanto, utgjer eit av dei få verdsfamnande språksamfunna der alle medlemene utan unnatak er to- eller fleirspråklege. Alle har teke på seg oppgåva å lære minst eitt framandspråk godt nok til å kunna bruka det munnleg. Ofte gjev det kunnskap om og kjærleik til fleire språk, og generelt til ein utvida personleg horisont.
Vi hevdar at alle menneske frå alle språkgrupper, store som små, bør ha ein reell sjanse til å tileigna seg eit andrespråk på eit høgt nivå. Vi arbeider for å hjelpe dei til dette.
5. Språklege rettar
At nokre språk dominerer over andre, er oppskrifta for konstant språkleg uvisse, eller rett ut språkleg undertrykking av ein stor del av dei som bur på jorda. I det esperanto-talande samfunnet kjem brukarar av små og store språk saman - så vel nasjonalspråk som minoritetsspråk - på nøytral grunn, takk vere gjensidig vilje til kompromiss. Denne jamvekta mellom språklege rettar og skyldnader syner korleis ein kan utvikla og vurdera andre løysingar på språkleg ubalanse og språkkonfliktar.
Vi hevdar at dei særs ulike styrkjehøva mellom dei ymse språka øydelegg garantien, uttrykt i mange internasjonale dokument, om likeverd uavhengig av språk. Vi arbeider for språklege rettar.
6. Språkleg mangfald
Regjeringar i ulike land ser gjerne på dei ulike språka i verda som ei hindring for kommunikasjon og utvikling. Men for dei som brukar esperanto er det språklege mangfaldet ei varig og rik kjelde som dei ikkje vil vera utan. Fylgjeleg har alle språk, likesom alle levande vesen, sjølvverde og fortener vern og støtte.
Vi hevdar at kommunikasjons- og utviklingspolitikk som ikkje er bygd på respekt og støtte til alle språk, tyder ein dødsdom over brorparten av språka på jorda. Vi arbeider for språkleg mangfald.
7. Frigjering av individet
Alle språk både frigjer og hemmar brukarane sine. Dei gjev høve til å samtala mellom seg, men stengjer for kommunikasjon med andre. Esperanto vart planlagd som eit verdsfamnande kommunikasjonsmiddel, og er no eit av dei store realiserte prosjekta for frigjering av mennesket - eit prosjekt som skal gjera det mogleg for alle å delta som individ i verdssamfunnet, med solide røter i sin lokale kultur og språklege identitet, men utan å vera avgrensa av dei.
Vi hevdar at den eksklusive bruken av nasjonale språk uunngåeleg fører til hindring av fri meiningsutveksling, kommunikasjon og tilknyting. Vi arbeider for menneskeleg frigjering.
Praha, juli 1996
-----------
Franko Luin / 3 September 1996 - 10 April 2000
|