|
ALDRI MEIR
Eg vaknar tidleg - morgonen
gjer erkjenninga kvass og hard.
Det er i dag som det var i går,
det er borte det som var.
Og slik vil all mi framtid
bli,
alle dagar kjem utan deg.
Dei såre orda - aldri meir
skal alltid merkje mine steg.
EG SAKNAR DEG SLIK
Eg blir ikkje kvitt dei, dei har røta seg fast
desse orda, kva kunne eg gjort?
var eg for vikande, var eg for feig?
eg kan ikkje jage dei bort.
Kvar einaste dag må eg leve med
at du brått kutta alle band.
Du takka nei til livet,
fordi du ikkje meining fann.
Forstod du ikkje kor elska du
var?
var det ikkje tungt å dra?
Kan hende er det ikkje slik det er,
når ein har tenkt seg av stad.
Hadde du vore her, akkurat no
skulle eg ha halde deg fast!
og sagt at eg aldri vil la deg dra,
og med deg står eg last og brast.
Det var så mykje som aldri vart sagt
enda så like vi var.
Vi skulle ha opna opp stengde rom,
og fått fram både spørsmål og svar.
Eg saknar deg slik, kjensla sting og
brenn,
tung time i vakenatt.
Det finst ingen stader å gjøyme seg bort,
frå tanken, du kjem ikkje att.
More (in
Norwegian)
|