Londonbrev

Brev: 9
Emne: Spor
Dato: 14 November 1998 10:01

Dansehistorie er eit fag vi ser masse p� video i. Den tidlegaste moderne dansen er ikkje filma, men noko er gjenskapt for dokumentarprogram.

Gamle Isadora Cuncan-,- Martha Graham- eller Doris Humphrey-elevar har bygd opp att gamle nummer etter minnet eller gulna notatb�ker, utlevert dei gamle kjempene sine r�rsler til kameraet s� ein nesten skulle �nske det ugjort. For filmkameraet er s� n�delaust utleverande, der smak og stil har endra seg. Duncan sine store armr�rsler verkar overdrevne, Humphrey-dramatikken overspelt. Dei traff si tid - og vart utdatert. Ein annan tidsalder har berre skakke smil for intensiteten til pionerane.

Likevel har menneska alltid trengt � utlevere seg til ettertida. Spora er ikkje berre p� film og video i biblioteket p� skulen, men p� alle slags material i det nye British Library, 500 meter unna oss p� andre sida av Euston Road. Der er montra fulle av nedteikningar fr� mange tusen �r, fr� Mohenjo-Daro sine leirtavler til (f�nikiske?) koparplater, fr� papyrus til vokstavler, p� tre, bj�rkebark og stein. I det store, tause og halvm�rke rommet, er det s� ein kan ane stemmene til dei som skreiv dei sirlige, bittesm� teikna, eller illustrerte pergamentarka: dette var det vi tenkte! Dette var vegen vi gjekk. Til deg, ettertidsmenneskje, skreiv vi ned dette
- Bhagavad-Ghita p� indisk bj�rkebark, legender p� pergament. Og s�?

For sj�lv om ein kan undre seg over det vakre handtverket og ane at det ligg tankar fr� fortida her, er innhaldet i tankane for det meste utanfor v�r rekkevidde. Dei aller fleste som b�yer seg over glaset i British Library sine montre, skj�nner ikkje eit ord av Bhagavad-Ghita. Ingen, heller ikkje vitskapsmennene, kan tolke dei piktiske steinbileta.

"Bautaen p� haugen b�r intet tegn
og Saga har glemt hva hun visste."

Er da l�rdomen kor f�fengd denne ettertids-utleveringa er? N�r neste kulturelle generasjon har annan smak - og generasjonar deretter kanskje ikkje eingong kan tolke v�re tankar?

Vel - det var ein video i dansehistorie ingen kunne sleppe med blikket - "Steps in the Streets", laga under depresjonen i '30-�ra. Det g�r an � sprenge seg gjennom tidas smaker og n� neste generasjon - det trengst "berre" ein Martha Grahamsk intensitet&formsans for � n� fram.

--

Hallvord Reiar, London. 

STIKK INNOM NYOPPDATERT SIDE:
http://www.geocities.com/Athens/Ithaca/5130/
med animerte julekorger, dansestoff ++

Et menneskesinn er et verdensrom.
Og en merkelig, innviklet vev.
Den tanken som tumlet der inne, kom
kanskje ikke helt fram da jeg skrev....

Men du har da iallfall f�tt brev!

F�rre

Neste

Hosted by www.Geocities.ws

1