Londonbrev

Brev: 10
Emne: Oppvartning med insekt
Dato: 16 November 1998 22:00
Kommentar:
Her er to brev sett saman, ettersom det siste berre var forklaring p� det fyrste...
Hei, alle som f�r dette tiande fellesbrev fr� London!

I natt hadde eg ein s�r og litt forvirra draum: Det var mange store, ukjende insekt omkring meg, det var veldig travelt, og dei diskuterte sexlivet til nokon andre.

Draumen ga ei temmeleg klar tolking av korleis det kan kjennest � vera oppvartar p� hotellet Landmark London...

For ein gongs skuld har underteikna nemleg klart � skaffe seg ein av dei betre l�na sm�jobbane i byen. Etter at kronekursen fall ned og slo sund grunnmuren i budsjettet mitt, sende v�r kj�re "Director of student support" meg til finske Katja, som har jobba p� LL i to-tre �r. Katja slusa meg inn p� eit jobbkurs, og dermed var nokre peeng-sorger slokka. Ein del, faktisk, med �6.30 i timen...

Og for ei verd ein kjem inn i! Landmark er eitt av dei siste store "Jernbane-hotella" som vart bygd. Det er pussa opp til meir enn gamal prakt av dei japanske (!) eigarane, til femstjerners standard...

Laurdagsnattsmiddag: peenginnsamling til kreftforsking. Temaet for kvelden var "den siste middagen p� Titanic"! Med lydeffekter (vind og b�lger), strykekvartett, "salmon en croute" og Elisabeth Arden-parfyme til alle kvinnfolka. Og eg stod der og tenkte p� kor utruleg rike desse 140 (?) gjestene m�tte vera, n�r Cansearch kunne bruke s� vannvittig masse p� ein middag og dei kunne gje bort s� masse at det l�nte seg....

I g�r gjorde eg min fyrste frokost. Vi var to spanske, ei finsk og meg, og vi var alle like sjokkerte over desse engelskmenna, som hadde store korger med lekre rundstykkjer st�ande p� buffeten, og likevel skulle ha smaklaus toast heile tida. Domen fr� kj�kkenet var vinglasslar: "They have no CLASS!"

S� var det borddekking for middag... S� var eg "human sign", levande skilt. Kjende meg som eit veldig blankt skilt i starten, for eg visste berre om det arrangementet eg skulle syne gjestene til, men eg l�rte da...

Og s� var det middag for 240 (!) gjester, for Barbados Travel Authority, invitert: sjefene for alle store reisebyr� i England, pluss generalguvern�ren p� Barbados og andre offisielle personasjar. Det var min beste middag hittil, gjorde berre sm�feil og var ikkje nerv�s, men det var temmeleg slitsamt, for dei starta med taler om kor flott Barbados var og kor mange turistar som hadde vori der i �r og i fjor, og n�r dei skulle n� ein halv million, og alle dei fine hotella som skulle bli bygd, og v�tmarksomr�da som skulle opnast for turisme. Og vi m�tte st� der og vente rundt omkring mellom dei store blomsterdekorasjonane i raudt og gr�nt...

Og s� vart klokka 11 om kvelden, og eg hadde jobba 14 og ein halv time, med to matpauser... Stakkars bein... Men i matpausene oppdaga eg Landmark Staff Kanteen, med GRATIS restemat fr� hotellet..... Yippi!

Ser veldig fram til neste helg, for der er det heilt planfritt og ingenting jobbing.

 
Brev: 10,5
Emne: Bord-vegar
Dato: 22 November 1998 13:52

Var litt sliten da eg skreiv f�rre brev, s� nokre tr�der hang liksom litt i lufta. Draumen om insekt vart aldri heilt forklart.

Trur det hang saman med "gatene" mellom borda. I Barbados-middagen var det s� mange gjester at salen var temmeleg pakka med bord, 24 runde bord skapte eit innvikla m�nster av stier � g� i, og stadige val mellom to alternative vegar, val ein m�tte ta under press om ein var fyrst i ei gruppe p� fem, som skulle servere i andre enden av rommet s� raskt som mogleg.

(Fjern borda, og det hadde vori ein surrealistisk dans!)

Det var ikkje enklare etterkvart som folk kjende seg meir og meir selskapelege, og tok til � g� rundt og konversere mellom borda. Ein einaste person, lent over til eit nabobord, kunne sperre ei heil rute for oss med store sk�ler.

Og kjensla av � g� raskt i rader p� fem med store sk�ler mellom borda, velje veg etter instinkt som maur i ein maursti, den kjensla var det alts� som nedfelte seg s�rs presis i insekt-draumen... Mitt liv som banqueting-maur.

--

Hallvord Reiar, London
http://www.geocities.com/Athens/Ithaca/5130/

Et menneskesinn er et verdensrom.
Og en merkelig, innviklet vev.
Den tanken som tumlet der inne, kom
kanskje ikke helt fram da jeg skrev....

Men du har da iallfall f�tt brev!

F�rre

Neste

Hosted by www.Geocities.ws

1