Londonbrev | ||||
|---|---|---|---|---|
|
Brev:
11
Emne: London & Reykjavik Dato: 24 November 1998 19:56
|
||||
|
Hei! Trur ikkje denne byen er s� glad i meg, i alle fall sender han virus etter meg. Men det hender at eg trur eg kan bli glad i byen, spesielt n�r han minner om Reykjavik. Er ikkje alltid sikker p� kva som likner p� Island her. Det kan vera vinden, som vi til tider mottek rikeleg av. Somme hus kan likne, sj�l om Reykjavik ikkje har desse typisk Londonske gatene, der alle hus tvers i gjennom heile gata er prikk like, s� ein tenkjer seg at London er bygd av firma som var ekstremt gjerrige p� arkitekt-l�n, og meinte ei teikning kunne halde for 30-40 hus. (Reykjavik legg for dagen langt meir fantasi, og takk og pris for det.) Lyset i London er feil, ogs�, vi merker at vi er lenger s�r, heldigvis p� denne tida av �ret (men �kkesom er det meste av lyset her kunstig, og ein god del av det kjem for tida fr� pynten handelsstanden pr�ver � lade batteria til v�re julekjensler med.) Men m�rkret i denne byen, skumring, natt, demring, det er reykjaviksk. Det er det same m�rkret som eg og MD gjekk i, fr� Balletskola �jo�leikh�sins til Vesturb�num, forbi Ingolfsst�tta, kanskje forbi butikkglaset med den lille, s�lvfarga modellen av Hallgrimskyrkjan i, forbi Tj�rnin og Umferdami�st��ina og Norr�na Husi�. Den modellen av Hallgrimskyrkjan var eg heilt borte i, den kosta meir enn 1000 islandske kroner, og det var ein kjempesum. Etter � ha titta gjennom glaset i vekevis, skreiv eg til far i Noreg og ba om peeng til � kj�pe Hallgrimskyrkjan til Matja Dise, i juleg�ve fr� oss. Alt dette hadde eg gl�mt. Tilmed den vesle modellen, sj�l om han er p� MD sitt rom. Butikkglaset har eg ikkje skjenka ein tanke p� �revis. Det dukka opp n�r eg spekulerte p� kva Reykjavik og London hadde felles. Br�tt hang det framfor meg att, med modellen gylden av butikklyset, og eg kjende att m�rkret som l�g p� MI side av ruta, eit meir metta og innp�slitent m�rker enn det p� Skreisj�.
Og det var avdi London-m�rkret minte meg p� Reykjavikm�rkret, og dermed svimlande br�tt mante fram opplevinga av glaset med ei ticentimeterh�g mirakels�lvkyrkje bak... --
|
||||