Londonbrev

Brev: 8
Emne: Pr. Sykkel
Dato: 03 November 1998 22:56
I dag armerte eg meg med mi kj�re "London A-Z" kartbok, og kasta meg ut i det store "sykle til skulen"-prosjektet. Her skulle pengane sparest!! Vi sykler med freidig mot, osv. Dessutan rusta eg meg med eit handkle godt stappa inn i munnen, mot eksosen...

Og eg fann ut at det stort sett ikkje er s� ille � sykle i London som ryktet vil ha det til. Dvs. gjennomfartsgatene er eksosiske, trafikkfylte og kaotiske - men om du kjem eitt kvartal unna, er det fredelege sm�gater og fresk luft. Vel, det er kanskje ikkje gater ein ville brukt om kvelden, men midt p� lyse dagen skulle det vera trygt.

Sj�lvsagt er det ei bakside ved bakgatene - det at dei ikkje g�r rett mot Elephant&Castle, Waterloo eller Kings Cross. Londons snirklete geografi var til tider nervepirrande. Fantastiske, oversiktlege Oslo, der du er p� h�gre eller venstre side av Akerselva og innanfor eller utanfor ring 2 og 3...

"London A-Z" var absolutt n�dvendig, som vanleg.

Trur det berre er ein "geografi" som er meir kaotisk enn London, og det er HOFTA. Vi g�r alle saman rundt med det mest fantastiske kaos av muskulatur og sener, i kryss og tvers og hengek�yeform.

Men hofta har i alle fall den gode sida at vi har adduktorar og abduktorar, musklene p� inn- og utsida, som s�rger for stabilitet mot vingling fr� side til side. Det manglar sykkelen...

--

Hallvord Reiar, London
http://www.geocities.com/Athens/Ithaca/5130/

Et menneskesinn er et verdensrom.
Og en merkelig, innviklet vev.
Den tanken som tumlet der inne, kom
kanskje ikke helt fram da jeg skrev....

Men du har da iallfall f�tt brev!

F�rre

Neste

Hosted by www.Geocities.ws

1