VFU
- Velforeningenes Fellesutvalg Fjell> |
Vedtekter for Velforeningenes Fellesutval Fjell1.NAMN 1.1 Foreninga sitt namn skal vere Velforeningenes Fellesutval, Fjell - VFU Fjell. 2. FORMÅL 2.1 Velforeningenes Fellesutval, Fjell heretter kalt VFU, er ein partipolitisk uavhengig interes-seorganisjasjon for kommunen sine velforeningar og grendalag. 2.2 VFU skal vere tilslutta Norges Velforbund. 2.3 VFU skal: 2.3.1 Vere kontaktorgan mellom kommunen og velforeningane/grendelaga. 2.3.2 Ivareta medlemsforeningane sine interesser ovanfor kommunale og andre offentlege organ. 2.3.3 Hjelpe den enkelte velforening med råd og veiledning i den utstrekning velforeninga sjølv ynskjer det og VFU finn det naturleg. 3. MEDLEMSKAP OG KONTIGENT 3.1 Alle velforeningar i Fjell har høve til å bli medlem i VFU. 3.2 Kontigenten reknast på grunnlag av antal betalande medlemmer i den enkelte velforening og vert fastsatt kvart år av årsmøtet. Eventuelt kan det fastsetjast eit fast beløp per medlemsfore-ning. 3.3 Dei tilslutta medlemsforeningane er pliktig til å betale den kontigent som vert fastsett etter punkt 3.2. Innbetalinga av kontigent skal skje innan 15 april kvart år. 4. REKNESKAP OG REKNESKAPSÅR 4.1 Revidert rekneskap og budsjett vert sendt ut saman med årsmøtesakene. 4.2 Styret skal engasjere registrert revisor for revisjon av rekneskapet. 4.3 Årsmøtet må gje si tilslutning til å vidareføre avtalen med revisor. 5. ÅRSMØTER OG EKSTRAORDINÆRE ÅRSMØTER 5.1 Årsmøtet er øverste myndighet i VFU. 5.2 Medlemmar i tilslutta velforeningar har møterett. 5.3 Årsmøtet og rekneskapsperioden fylgjer kalenderåret. Årsmøtet skal heldast innan utgongen at mars måned kvart år. Innkalling med saksliste og årsmelding skjer til samtlege medlemsfore-ningar 1 måned før møtet. Eventuelle forslag frå medlemsforeningane må vere styret i hende seinast 31 januar. 5.4 Sakene vert avgjort ved alminneleg fleirtal. Ved stemmelikhet er leiaren si stemme avgjeran-de. Årsmøtet avgjer om ei avstemming skal skje skriftleg. Medlemsforeningane har ei stemme kvar. 5.5 Ekstraordinært årsmøte kan heldast når styret eller minst 1/4 av medlemmsforeningane skrift-leg forlanger dette. Innkallinga skjer med 14 dagars varsel. For øvrig fylgjer ein same prosedyre som for årsmøtet. Årsmøtet handsamar: Det skal veljast ein dirigent til å leie møtet, og ein referent. 6. MEDLEMSMØTER / ANDRE MØTER 6.1 Styret arrangerer medlemsmøter/andre møter når det foreligg saker som medlemmane bør orienterast om eller når styret finn det ynskjeleg å drøfte ei sak i eit større forum. 6.2 Dei enkelte medlemsforeningane kan be styret i VFU om å innkalla til medlemsmøter, even-tuelt andre møter. 6.3 Eventuelle avstemmingar på slike møter er berre veiledande for styret iden vidare behand-linga av saka/sakene. 7. STYRE 7.1 VFU blir lea av eit styre som består av leiar, nestleiar, sekretær, kasserer, 1 styremedlem, 2 varamedlemmer, så sant det er mogeleg fordel av kjønn i styret. 7.2 Styret forestår den daglege drift og leiing av VFU i samsvar med gjeldande vedtekter og av-gjerder fatta av årsmøtet. 7.3 Styret er beslutningsdyktig når leiar eller nestleiar, samt 2 av styrets øvrige medlemmer er til stades. Vedtak vert avgjort ved alminnelig fleirtal. Ved stemmelikhet er leiarens stemme avgje-rande. 7.4 Varamedlemmane deltek på styremøtene, men har ikkje stemmerett. 7.5 Styret ser til at det vert ført protokoll over saker som vert behandla
i års, medlems- og styre-møter. Referater frå styremøter
skal sendast dei enkelte medlemsforeningar til den tid styret finn det naudsynt.
7.7 Personar som er medlemmar i ei av VFU sin medlemsforeningar er valbar til styre. 8. VAL 8.1 Årsmøtet vel: Leiar, 4 øvrige medlemmer, 1. og 2. varamedlem til styret, samt møteleiar og to referentar for årsmøtet. Styret står fritt til å oppnemne komiteer etter behov. 8. Leiaren blir valgt for 2 år, og varamedlemmer blir valgt for 1 år. Øvrige medlemmer for 2 år om gongen slik at tilnærma halvparten trer ut av styret kvart år. Styret konstituerer seg sjølv. 8.3 Val av utsendingar eller representasjon for øvrig delegerast til styret.
9.1 Endringar i vedtektene kan berre foretakast av årsmøtet. Forslag til slike endringer skal fram-setjast for styret seinast 31 januar. Styret skal sjå til at forslaget vert sendt ut til samtlege med-lemmsforeningar før årsmøtet. Styret kan på eige initiativ foreslå endringar i vedtekter. 10. OPPLØYSING AV VFU 10.1 Oppløysing av VFU kan berre skje på ordinært/ekstraordinært årsmøtet, og med eit stem-metal som utgjer minst 2/3 av VFU sine medlemmar. Etter handsaming i den enkelte medlemsfo-rening skal saka takast opp på ny i årsmøtet, kor endeleg vedtak om oppløysing skjer med minst 2/3 fleirtal av dei frammøtte stemmeberettiga. 10.2 Ved oppløysing av VFU skal utvalet sine midler fordelast slik årsmøtet
måtte bestemme. |
© Copyright
2003 - VFU Fjell - Webmaster |