Londonbrev

Brev: 20
Emne: Farar ved ferier og datamaskiner
Dato: 17 april 1999, 23:49
Etter fleire dagar med 5-minutts-tordav�r, har v�rgudane nettopp avgjort at det er tid for skikkelege skrell, og dei har farga skyene over London med noko eg ikkje klarer � setje fargenamn p�, ei skitten-gylden-gr�-gr�n masse som det blinkar og buldrar i. Dessutan er det diverse sirener rundt om n�r Tor tek pause. Livleg l�rdagskveld! Slikt v�r hadde vi neppe hatt heime s�pass tidleg, p�ske er jo s�vidt overst�tt..

Akkja, p�sken...
Trur dei aller fleste dansarar vil vera samde i at *ferie* stort sett er noko herk. Det er ikkje det at musklane vert svakare av berre to veker ute av studio, det kan ein raskt byggje opp att, og etter ein ferie er ein ogs� utkvilt, mjuk og avslappa. Men kvar er sansinga, den vare kontakten med muskulaturen som fortel deg kvar du st�r, balanse, turn-out, plassering... Alt dette vi samlar under fagordet proprioception - tibakemeldinga fr� kroppen til hjernen - er det fyste som sl�vast ned og forsvinn utan trening.

Og s� n�dvendig dette er! Veke ein etter ferien stanga eg mot alle vegga. Den gamle svaien i ryggen var p� plass, og slapp hoftene framover, noko som flytter kroppsvekta bakover og via forunderleg kroppsleg mekanikk overarbeidar forsida og utsida av l�ret, det som ein gong l�g bak den gamle kneskaden. F�lgeleg tok kneet til � knirke, og Tensor Fascia Latae, den lange bindevevstrengen p� utsida av l�ret, var s� stram at det var vondt � g�.

Min kj�re "Dyveke Bj�rnson", den nye b�rbare datamaskina som var f�dselsdagsg�ve da eg kom heim att i p�sken, var jo ein tr�st midt i det heile. Litt for mykje av ei tr�st, eigentleg, open for misbruk, som dei fleste tr�stemiddel. Den fyste veka i London, lasta eg ned over 15 megabytes fr� nettet...

Og det *er* skummelt � avhengig ein kan bli av ei datamaskin. Br�tt er det vanskeleg � halde teknikklasser data-tanke-frie. Du oppdagar at det er enklare � f� javascript enn quadriceps til � gjera det du vil. N�r du l�fter auga fr� skjermen, reagerer hjernen p� den uvante oppfriskingsfrekvensen livet har.

Dessutan er det plutseleg data-analogi og terminologi p� dei mest uventa plasser. Eg "lastar ned" og "installerar" den nye moderne-�vinga, f�r eg "browsar" elev-postkassa og entrar "hibernation mode" p� kvilerommet med PCen... Dessutan lagrar eg oppskrifter p� harddisken i staden for � lage mat.

Dei siste dagane har plassering og muskelkontakt komi att, ja, klarare enn f�r ferien. S� lenger tid tok det ikkje. Men det var ei slitsam veke, som vitna klart om at � bli dansar - det er ein lang statusbar � bl�farge..

--
Hallvord Reiar, London
Londonbrev nr. 20! Jubileum!
Om du har g�tt glipp av nokon, kan du finne dei
- lett redigerte og kommenterte -
p� http://www.geocities.com/athens/ithaca/5130/lbrev

F�rre

Neste

Hosted by www.Geocities.ws

1