Londonbrev |
|---|
|
Brev:
18
Emne: Pusterom Dato: 9 Mar 1999 17:43:18 |
|
V�ret (eit emne engelskmenn og nordmenn er like glad i) er
v�r-klart, skyene fr� Atlanterhavet gjev oss ei pause, og kr�ller seg
heller opp over kanalen.
Byen er eigentleg ganske flat, s� himmelen vert vid, men ein legg ikkje riktig merke til det n�r ein er inneklemt i gatene, med utsyn opp til ei stripe som er hakka opp av skorsteiner. Der f�r ein ikkje det heilt store inntrykket av v�ret heller, bortsett frå når det med jamne mellomrom opps�ker oss i form av regn. Oversynet f�r eg helst ved kryssing av Elva. Det beste med bussturen er sekunda p� Waterloo Bridge, i det byen revner og syner fram Westminster og St. Paul og Southbank (som fors�vidt er "ustyggelig stygt") og Cleopatra's needle (denne merkelege, egyptiske obelisken ein eller annan fann p� � flytte til kanten av Themsen, som ein grov kopi av Big Ben-tårnet), og - ikkje minst - himmel og v�r... Dei gr�ne flekkane London er s� glad i p� kartet, sug i seg av alt dette v�ret, hestekastanjeblada tittar fram. Og l�vetanna, som gjorde meg ganske �rstidsd�gnvill med � blomstre i slutten av februar, lyser der det er plass for litt mindre siviliserte vekster. I g�r starta mitt nye og meir utforskande liv med denne byen, med ein v�rtur i Regent's Park... Horisont mjukt kr�lla om tretoppene, magnolia som sprett og (det mest romantiske av alt?!:) ein h�r av namneskilt ved rosebuskene. (Synd for mor at det ikkje er s� popul�rt � grava etter rotskot eller kutte stiklinger der..) Tru �ssen det skal bli � koma heim i p�sken, det er vel litt sn� att her og der... Br�tt vinter att? --
|