ESPERANTO?  Kva er det?

 

Eit språk

Skapt for å gjera det lett for folk med ulike morsmål å forstå kvarandre. Gjennom meir enn 100 års bruk har esperanto vist at det kan fungera akkurat som andre levande tungemål, godt eigna til å uttrykkja alle menneskelege tankar. 

Internasjonalt og nøytralt

Esperanto høyrer ikkje til noko land eller folkeslag. Det høyrer til alle dei som kan det, og det byggjer bruer mellom kulturar.

Lett!

Ordforrådet er av internasjonal karakter, grammatikken er logisk og regelbunden, og strukturen er ytterst fleksibel. Vitskaplege undersøkingar syner at detter gjer esperanto opptil ti gonger meir lettlært enn naturlege språk.

Kvifor læra Esperanto?

Når du kan Esperanto, kan du

...få vener

over heile verda, t d brevvener i fjerne land med andre kulturar. Viss du liker å reisa, kan du nytta "Pasporta Servo", ei oversikt over esperanto-talande i mer enn 80 land som vil gje deg gratis overnatting og gjerne visa deg rundt i heimbyane sine.

 ... delta på trefft  

saman med andre som kan esperanto, lokalt og internasjonalt. Treff som Verdskongressen og Ungdomskongressen finn stad i forskjellige land kvart år, og gjer fantantiske høve til ugøymelege opplevingar i ein fleirkulturell atmosfære.

...læra om andre kulturar

på ein ekte internasjonal måte. Esperanto har ein rikhaldig litteratur som femmer om alle genrar. Radiosendingar og talrike tidsskrift finst også, i tellegg till ein eigen teater- og musikkultur. 

Korleis kan du lære Esperanto?

Norske lærebøker

finst det fleire av - spør i bokhandelen din eller kontakt Norsk Esperantoforbund. Dersom du bur på ein stad med eit lokallag  av forbundet, ta kontakt og spør når neste kurs skal byrja. Både Folkets Brevskole og AOF tilbyr óg esperanto-kurs. Språket eignar seg også godt for sjølvstudium. 

Kontakt

lokallaget ditt, eventuelt Norsk Esperanto-forbund sentralt, Esperanto-ungdommen i Noreg eller  Esperanto-ungdommens Versforbund, TEJO, for meir informasjon.

Adresser

Norsk Esperanto-ungdommen

Olaf Schous vei 18

NO-0572 Oslo

tel. 47+22+350894

www.esperanto.no

TEJO

Nieuwe Binnenweg 176

NL-3015 BJ Rotterdam

tel. 31-10-4361044

www.tejo.org

 

index | chat

 

Hosted by www.Geocities.ws

1