- Før gjekk eg rundt og var redd for at Guud ville straffa meg.
Men veit du at Jesus elskar deg, er du ikkje redd. Det er den store
forskjellen for meg, seier syraren Carlos Abdo.
Dagen møter Carlos Abdo (37) på Pionérnettverkets sommarleir på
Framnes, der han er for andre året på rad. Carlos er fødd og
oppvaksen i utkanten av Aleppo, Syria. Som alle andre i nabolaget
var familien hans sunnimuslimar. Carlos kan likevel hugse ei gamal
armensk dame som budde i huset ved sidan av, som heitte
Marissa og var kristen.
- Når ein av ungane var sjuke, sende mor mmi bod på henne,
slik at ho kunne be for oss.
Då kjende mor mi seg trygg.
- Vart de friske når Marissa bad for dykk??
- Eg trur ikkje mamma hadde spurt ho elless.
Carlos Abdo vaks opp til å verta ein ivrig muslim.
Han bad mykje og las endå meir.
Det var mykje automatikk i det,
fortel Carlos, og imiterer lyden av ei klokke.
- Problemet mitt var at eg ikkje opplevde å ha nokon kontakt med
Gud når eg bad.
Risikabelt engasjement
Olivenbonden Carlos tok etter kvart til å engasjere seg politisk
i heimlandet, noko som kan vera farlig viss ein ikkje har nett
dei same synspunkta som styresmaktene. Carlos, som sjølv er kurdar,
involverte seg i det kurdiske folkets situasjon i heimlandet,
ein situasjon han såg som urettvis. Noko meir vil han ikkje
snakka om det, nøyer seg med å seia at han flykta til Noreg i 2003,
medan ekskona og dei to sønene hans vart verande. På Amnesty
International sine internettsider kan ein lesa at kurdarar i
Syria lever under sterk diskriminering, og at kurdiske
menneskerettsaktivistar vert torturerte og urettmessig fengsla.
Likevel har Carlos Abdo fått avslag frå Utlendingsdirektoratet
på søknaden om opphaldsløyve.
- Eg kan ikkje reisa tilbake.
Stundom vert eg sjuk når eg tenkjer på det.
Det hadde vore svært farleg for meg å reisa tilbake.
Men eg trur Gud har ein plan.
Viss du har ein liten gut, og du ser han spring i retning av
eit hól i bakken, vil du ta han og lyfta han over.
Han skjøna ikkje kvifor du gjorde det, han er berre eit barn.
Slik gjer Gud med oss òg, trur eg.
Omsnuinga
Då Carlos kom til Noreg møtte han ein norsk pastor som spurte
om han ikkje ville koma på sundagsmøte.
- Eg tenkte at eg kunne prøva å be der.
Eg gjekk på nokre sundagsmøte, satt litt for meg sjølv,
men merka at noko ikkje var heilt normalt. Eg var litt redd,
men eg likte det òg. Å ta steget til å verta ein kristen var
svært vanskeleg for meg. Eg forsto ikkje så mykje av det dei
kristne snakka om, eller kanskje ville eg ikkje forstå. Men ein
morgon vakna eg opp med tanken : Eg vil vera kristen.
Dette er rett. Eg kan ikkje forklare det, ord er ikkje nok,
men eg kjente ein kontakt med Gud. Ein månad seinare vart eg
døypt i Nordre Misjonskirke i Haugesund, fortel Carlos.
Sommaren 2004 reiste den nyfrelste Carlos Abdo på Pionérnettverkets
sommarleir på Framnes. Det vart ei sterk oppleving. Der var møter,
mykje bøn og Carlos opplevde kontakten med Gud.
Den andre dagen han var der kjende han ein kamp på innsida.
Han hadde problem med å forstå samanhangen mellom det gamle og
det nye, etter å ha lese mykje i gamle testamentet.
- Den kvelden gjekk eg ned til sjøen og sååg på fjella.
Eg tenkte at ingen konge eller president kan laga noko slikt.
Eg bad til Gud : «Eg vil sjå deg. Vis meg vegen.»
Eg kjende at Jesus svara «Eg er her».
Eg lyfte blikket og såg ein mann i skyene. Eg vart redd.
- Korleis såg han ut?
- Han var omgitt av eit kvitt ljos, sjølv var han òg kvit.
Han vinka til meg.
Seinare spurte eg meg kvifor eg såg dette akkurat då.
Eg skjøna at det var svaret på det eg hadde bedt om.
Jesus var vegen.
Den som kjem til Gud vil få sjå Jesus, seier Carlos og syner
oss staden der han såg synet.
Den viktige bøna
- Kva skjedde i livet ditt etter at du varrt ein kristen?
- min situasjon er du ein del nedfor. Men som kristen veit eg
at Jesus elskar meg, og det vert eg opplyft av. Livet er
ikkje kjedeleg som kristen. Når du tenkjer på Jesus, vert du sterk.
Meir tolmodig. Eg er lukkeleg no, eg elskar Gud. Før bad eg
til Gud utan kontakt, no har eg kontakten. Han snakkar til meg.
- Det verkar som bøn er svært viktig for ddeg?
- Ja. I Bibelen ser du at Jesus bad mykje..
Han sto utanfor og banka på hjå alle.
Men du må opna opp frå innsida. Det er ikkje noko spesielt med meg,
slik sett.
- Kva er den største skilnaden mellom Islaam og Kristendom?
- Før gjekk eg rundt og var redd for at Guud ville straffa meg.
- No er eg ikkje redd. Veit du at Jesus ellskar deg,
er du ikkje redd.
Det er den store forskjellen for meg.
Muslimar kjenner ikkje Jesus. Difor gjer dei ikkje godt mot den
som gjer vondt.
Carlos har berre eit svar på korleis ein kan vinna muslimar
for Jesus : Bønn.
- Det er vanskeleg å snakka med ein muslimm om Jesus.
Islam er sterk. Religionen er det aller viktigaste for muslimane.
Dei har Islam i blodet.
Men når ein ber, vil Gud koma og leggja
sin veg i hjarto deira.