I tre år levde Bjørn Refstad (56) aktivt som homofil.
I dag er han kristen og gift med ei kvinne som tidlegare var lesbisk.
DIKTERER:
- Det er ikkje opp til oss å synsa om kvaa me skal meina om homofili.
Me har hatt Bibelen i 1.000 år her til lands, og meininga er at Bibelen skal diktera våre liv, ikkje motsatt, seier Bjørn Refstad
- For min del var det Jesus og evangeliett som sette meg fri.
Å verta reorientert og heterofil opplevde eg som ei frigjering, seier Bjørn Refstad.
Han trur mange homofile i dag går rundt og lengtar etter noko anna, og er frustrerte.
Dei må få hjelp og rettleiing, meiner Refstad.
- Problemet er at samfunnet ikkje er ope for at folk kan slutta å vera homofile.
Om ein sjelesørgar har samtalar med ein homofil, vert sjelesørgaren umiddelbart mistenkeleggjort for å forsøkja å manipulera den homofile.
Vanskeleg barndom
Toleranse er eit ord som ofte vert nytta for at homofili skal aksepterast. Refstad meiner dei som oftast snakkar om toleranse, er dei mest intolerante når det gjeld å forska på homofili og det at folk kan slutta å vera homofile.
- Dei som ikkje er komfortable med å veraa homofile og ønskjer ei endring i livet sitt, vert jo berre sett dumt på. At det går an å slutta å vera homofil er ikkje akseptert i Noreg i dag. Det vert av mange sett på som medfødt, og noko ein er fastlåst i, hevdar Refstad.
Det er no over 30 år sidan Bjørn Refstad var homofil. Han fortel om ein oppvekst på barneheim der han mangla ein farsfigur. I ungdommen merka han at han ikkje kjende noko dragning mot jenter, og fann ut at han var homofil. Då levde han aktivt i det homofile miljøet i tre år.
- Etter ei tid fann eg ut at det ikkje vaar ei tilfredsstillande løysing. Eg hadde ein lengsel etter noko som var ekte, og fann til slutt Bibelens Jesus, seier Refstad som umiddelbart vart heterofil då han vart frelst.
Mogleg å endra
Refstad trur bibelsk forkynning er det som trengs dersom fleire skal verta omvendte slik han sjølv vart. Fordi Bibelen gir klare svar og kan møta den lengselen mange homofile har.
- Det er ikkje opp til oss å synsa om kvaa me skal meina om homofili. Me har hatt Bibelen i 1.000 år her til lands, og meininga er at Bibelen skal diktera våre liv, ikkje motsatt, seier Refstad.
Den pensjonerte overlegen, Arne Schjøth, er aktiv i homofilidebatten, og oppteken av spørsmålet om homofile kan verta heterofile. Han meiner menneske som Refstad og ein forskingsrapport av amerikanaren Robert Spitzer syner at det er mogleg for homofile å verta heterofile etter behandling. Dette bryt med oppfatninga om at ei homofil legning er noko fast som ikkje kan forandrast på. Likevel, Schjøth er klar på at det er ein føresetnad at den homofile har eit sterkt ønskje om ei reorientering sjølv.
Men trass i at forsking syner at sjelesorg og psykoterapi kan hjelpa homofile som vil endra si seksuelle legning, trur ikkje Schjøth at slike menneske vil få mykje hjelp av den norske legestanden.
- Problemet i dag er at legar og psykologgar som meiner at homofile bør få hjelp med sin seksualitet, vert sett ned på. Det kan til og med skada karriera deira, seier Schjøth.
- Usemja i dag dreier seg om kva slags liivshjelp dei homofile bør få, seier Schjøth.
Homofili og kristen tro - MorFarBarn.no