UNDERVISNING


Veiledning i møte med bibelkritikken


Av: Norvald Yri, Norsk Luthersk Misjonssamband.
Han er hovedoversetter av Bibelen - Guds Ord, misjonsær og bibellærer.

Tekster: 2 Tim 3,16-17 og Joh 10,35

I. Kva er bibelkritikk?
Det ligger i ordet; kritikk av Bibelen.
Det er en måte å lese Bibelen på som tillater å være kritisk til det som står der, eller å tolke det om slik at det får en annen mening enn den som virker naturlig. Bibelkritikken gir rett til å overprøve Den Hellige Skrif. Det begynte i Edens hage. Ved slangen stilte den falne engel, Djevelen, spørsmål: har Gud verkeleg sagt? Kritikken av Bibelen kommer fra Satan og ondskapens åndehær. Og ved syndefallet fikk mennesket et hjarta som vart en fiende av Gud og hans vilje. Syndaren fikk den vonde lyst i hjarta og vart en fiende av Guds Ord etter sitt syndige kjøt. Menneskeslekta ligg i det vonda. Vantroa sine barn er styrt av Guds erkefiende.

Men Sjelefienden vil også ha Guds folk bort frå Ordet, bort frå Sanninga.
Vi les i 2 Kor. 11: "men eg ottast at slik som slangen forførte Eva med sin list, slik skal også tankane dykkar verte forderva og drevne bort frå den enfoldige troskapen mot Kristus. For om den som kjem, forkynner en annan Jesus som vi ikke har forkynt, eller om de får ei anna ånd som de ikke har fått før, eller et anna evangelium som de ikke har godkjent før, då kan de so gjerne tole det (leve med det)" (v. 3-4). Kan Sjelefienden få oss vekk frå Bibelen, så får han oss også snart bort frå innhaldet i Bibelen, bort frå den bibelske Jesus og læra om frelsa.

I moderne teologi har bibelkritikken vorte sett inn i ulike system.
I det moderne Europa vaks det fram tanker og teorier som sa at Guds Ord er ikke lik, det er ikke identisk med Bibelen (f. eks tala og skreiv B. Spinoza, 1632- 77 i Nederland og J. S. Semler i Tyskland, 1725-91). Framtredande teologar sa at Bibelen måtte tolkast slik at den moderne mann ikke vert støytt, til dømes av underfortellingane. Men sa de: det er ikke meninga vi skal tro det som står i NT som historie eller fakta. Meninga er heller at vi ut frå det som er skrive skal lære oss sjølve å kjenne som menneske. En tysk teolog som hette Rudolf Bultmann, for eksempel, la stor vekt på at det var mange eventyr og myter i evangelia, og at disse må ryddast av veien før vi får tak i meninga. Vidare var det viktig å lese evangelia eksistensialistisk, vart det sagt, det betyr at en ved å lese i de bibelske skriftene skal forstå kven en er sjølv. Ja du møter deg sjølv i Ordet. Vi skjønar at denne teologien vert mer psykologi og antropologi enn det vert utleggjing av Guds sanne åpenberring til frelse. I senare tid er det særleg de religiøse opplevingane hjå mennesket som har stått i sentrom for bibelkritikk og liberalteologi. Dette har åpna for felles religiøse opplevingar saman med personar frå andre religioner. Skilnaden mellom den kristne troa og religiøse opplevingar i andre religioner vert utviska.

Då bibelkritikken omkring 1900 for alvor banka på dørene her i Norge, vart spenningane mer synlege ute i kristenfolket. Der var kristne leiarar som var i tvil; de ville sjå nærmare på denne nye historiske teologien. Andre var i utgangspunktet direkte avvisande. Mellom de siste var forkynnaren Ludvig Hope og biskop J.C. Heuch. Det kom sterke åtvaringar mot å kritisere og tvile på det Guds har sagt i sitt Ord. Kristne blad som representerte bedehusfolket gav plass for mange artiklar og innlegg som understreka at heile Bibelen er innanda av Gud og har autoritet. I den teologiske verda var det ikke so lett. Også då Det teologiske Menighetsfakultetet vart reist som reaksjon på den liberale teologien, vart det understreka at fakultetet måtte ha et so kalla historisk bibelsyn (1907-08). Grundig teologisk forskning kunne ikke underslå vitenskapen. Det var så. Men kvar gjekk grensa for det i Bibelen som er Guds ord og som vi kan stole på, og på den andre sida, det som er feilande menneskeord på den andre? En debatt som pågjekk i 1937-38 vart avslutta med åpne spørsmål. De moderat kritiske teologane mente det var de som fikk rett. Men en prest som var med i debatten som trodde heile Bibelen er inspirert og ufeilbar, sa at det var han som hadde rett. Han vart senare professor ved MF og heter Carl Fr. Wisløff, i dag over 90 år.

Bibelkritikken skapte splitting og strid i det norske kristenfolk.
Et spørsmål som har skapt store spenningar de siste tredve - førti åra, er synet på mann og kvinne i den kristne forsamling. Frontane vart skjerpa då den første kvinnen ble innsatt som prest i Den norske kirke. Senare ble flere kvinner forstandere, etterkvart også utpeika til biskopar. På Menighetsfakultetet i Oslo vart også lærarrådet splitta i dette spørsmålet. De som ville liberalisere fakultetet fikk i 1972 flertall for sitt syn. Mindretalet ottast at Bibelen sin autoritet no var svekka ved MF. De fikk rett. Ikke berre ved MF vart det splitting. Også i de kristne organisasjonane vart det skarpe frontar mellom de som ville lære og bekjenne Guds ord i denne sak- og de som på den andre sida såg det som et ordningsspørsmål eller sosialt spørsmål, som en kunne sjå ulikt på. I lavkyrkjelege kretsar var de ikke berre opptekne av presten i Statskyrkja. Mange i bedehusfolket og i de frivillege organisasjonane heldt fast på det prinsipielle synet at "Kyrkja er Guds folk", og at det øverste leiarskapet i Guds folk skal vere menn med nådegåve og kall. Andre redda seg ut av debatten ved å hevde at organisasjonane ikke er kirkesamfunn. Men spenninga vart ikke oppheva ved dette. For kort tid siden ga Normisjon etter for at kvinner kan vere forstandere. Det ser ut til at også Den lutherske frikirke går samme vei.

La oss også stanse litt ved synet på samlivsformer.
Vi har opplevd det utrolege at biskop etter biskop i Norge forlet Guds klare ord i spørsmål som gjeld homofili. De er villege til å skape kompromiss der Guds ord på ingen måte opnar for det. Vi har også sett korleis en professor ved MF har opna opp for homofile samlivsformer i det han har skrive. I dag synes hans popularitet å vere aukande i visse kretser. Det vert duka for mobbing og kriminalisering av de som står offentleg fram og forkynner det skaparordninga og Guds ord seier om at menn ikke ikke ha samliv med menn, eller kvinner med kvinner. Det vert forma fy-ord som skal gjere det vanskeleg å vere frimodig og understreka Bibelens lære i denne sak.

II. Svar til bibelkritikken
Eg høyrde ei sann fortelling borte i USA.
Ei lita jente sat i kyrkja og høyrde om brødunderet, då Jesus velsigna fem brød og to fiskar slik at det vart mat for mange tusen- og noko vart til overs (sjå alle fire evangelia, f. eks. Joh 6,lf). Så får ho høyre utlegginga: Det er ei naturleg forklaring, seier predikanten. Då folket såg at den vesle guten tok opp nista si, så tok alle de andre også opp frå lommer og knytter det de hadde med seg. Og slik vart det nok mat. Predikanten trodde ikke at Jesus hadde gjort dette underet. Han hadde fått ei opplæring som tvinga han til å kome med ei naturleg forklaring. Kanskje hadde han i lengere tid halde det for seg sjølv. Men no måtte han for sitt samvits skuld dele synet med de andre. Han måtte vere ærleg, han kunne ikke vere en hyklar. Tilhøyraren måtte sleppe å tvinge sitt intellekt til å godta det utrolege, mente predikanten. Då jenta kom heim spurde ho far om det presten hadde sagt var rett. "Nei", sa far, "det som står i Bibelen er sant. Det var verkeleg et under Jesus gjorde".

Også i Norge har vi høyrt og lese at vi kan ikke tro alt det underfulle i Bibelen.
Peter kunne ikke gå på vatnet slik det er fortalt i evangelia, har vi lese i en Matteus-kommentar.
Dette kan vere ei legende som er utbrodert senare. En professor emeritus som var ved TF (teologisk fakultet), universitetet i Oslo, har fleire gongar uttala seg kritisk til det som står om Jesu fødsel. Jesus kan ikke vere fødd av ei jomfru, har han skrive. Hans far kunne vere en romersk soldat. Et anna utsagn frå same professoren er teorien at fortellinga om Jesu fødsel kan vere skapt av de første kristne. De hadde jo bruk for sterke fortellingar for at Jesus skulle få etterfylgjarar.

Når det gjeld underfortellingane må vi først og fremst lete etter naturlege forklaringar, kan vi ofte lese i bøker som handlar om evangelia. Og det var mange under-historier i andre religioner, seier de bibelkritiske fagteologane. Det er ikke urimeleg at slike historier er komne inn i kristendomen og er blitt en del av den kristne troa allereide frå den første tid. Difor har vi også dette materialet i evangelia. Ja slik vert det tala og skrive. "Husk, det er mange feil i Bibelen" var helsinga en teologilærar sende til ei kristen storsamling på Vestlandet. Det er sant at vi har ikke orginalhandskriftene til Bibelen, berre avskrifter. Det er sant at der er nyansar i desse avskriftene. Men vi kan ikke ut frå dette underslå den lære at heile Skrifta er innanda, inspirert av Gud, også Det nye testamente (sjå 2 Tim 3,16f, sml. Joh 16,8f). Men er ikke deler av Bibelen feilande menneskeord medan andre deler er å stole på, vert det spurt. Svar: vi må ikke gløyme vår begrensing når det gjeld å skjøne fullt ut alt det Gud har gjeve oss i den særlege åpenberringa. Guds Ord står over min forstand. Men vi skal få grunne på Guds Ord medan vi heile tid ber om visdom og innsikt til å gripe meninga.

Bibelen er ei enaste stor bok om Guds underverk, det gjeld både skaparverket og frelsa.
Det store tema i Skriftene er lovnadane om Jesus Kristus og oppfyllinga i han. Han kom. Og det Skriftene hadde sagt, skjedde. Men det at Skrifta har et sentrom viskar ikke ut alt det i Skrifta som støttar opp om dette sentrom. At Bibelen har Jesus Kristus som hovudtema betyr ikke at det perifere er uvesentleg eller feilande i det som vert sagt. Vi kan ikke tolke det slik som nokon gjer at mindre opplysningar som synes mindre sentrale eller uvesentlege, ikke er til å stole på. Jesus Kristus - Guds Son, komen i kjøt er et enaste stort underverk. Gud sjølv greip inn slik at Sonen vart fødd av jomfru Maria utan synd. Heile Jesu teneste på jord var under på under. Alt sikta inn på dette at syndaren skulle kome til han, få tilgjeving for synd og evig liv. På same tid let han seg fornedre. Sjå det store under at Gud lar han verte løfta opp på forbanningstreet der han vert dømd og straffa under Guds vrede for alle våre synder. Gjort til synd for oss. Gjort til forbanning for oss. Sletta ut skuldbrevet vårt. Utroleg mange teologar som skriv om Jesu oppstode, sår tvil om det verkeleg hende, lekamleg, historisk. De talar om legender, myter, oppdikting. De seier der er ei oppstode i tankane, sinnet og troa til læresvenane, etc. Men fortellingane om hans oppstode kan ikke brukast som bevis på at han verkeleg sto opp, vert det sagt.

Kva skal vi svare?
Vi skal svare med Skrifta, slik Jesus sjølv nytta Skrifta, til dømes då han slo lag med Emmausvandrarane ( Luk 24).
Skriftene skulle oppfyllast. Difor sto Jesus opp frå grava. Og Jesus hadde sjølv igjen og igjen sagt at han skulle lide, dø, men stå opp igjen på den tredje dagen. Han hadde sagt at de skulle sjå han igjen, han skulle vise seg for de. Og dette skjedde. I 1 Kor 15 skriv apostelen Paulus at den oppstadne Jesus Kristus vart sett av Kefas (Peter), av de tolv, av fem hundre på en gong, av Paulus, som den ringaste av alle apostlane (v 5f). Ordet om korset, ordet om Jesu død og oppstode er Guds kraft til frelse (Rom 1,16f og 1 Kor 1,17f). Det gjeld i dag, også for de som er kalla intellektuelle. For Guds visdom står over den visdom mennesket har ut frå sin eigen tanke (1Kor 1). Denne verda sine vise kallar Ordet om korset dårskap. Men denne dårskapen er Guds visdom. Og ved denne visdomen får vi del i Guds frelse, forlating for alle våre synder.

Kva skal vi seie når vi står overfor lærde menn som kjem med nye tolkingar av Guds Ord, når det gjeld det Skrifta lærer om mann og kvinne? Kva skal vi seie når pressgrupper troar med anmelding og viser til likestillingslova og likestillingsombudet dersom vi held fast på Bibelens lære om mann og kvinne i den kristne forsamling? Først av alt skal vi enkelt og bestemt sette vår lit til Herren, han som har gjeve oss sitt Ord. I enkel tillit skal vi peike på Ordet og sei at det står skrive- ja det står atter skrive. Likeverdet er klart i Bibelen. Guds Ord diskriminerer ingen på grunn av ulikt kjønn. Kvinna vart skapt som medhjelpar til mannen. De to skal elske og ære kvarandre (sjå Efes. 5 og Kol 3). I forsamlinga har den troande mannen som har fått nådegåve og kall, et hovudansvar som han ikke kan springe ifrå ( sjå 1 Kor 14 og 1 Tim 2-3). Dette tek ikke bort det faktum at alle troande har fått ei nådegåve ( gresk, charisma-av nåde). Det alminnelege prestedøme som alle troande høyrer til, står fast. Dette tek heller ikke bort profetkall og evangelistkall for begge kjønn. Men skaparordninga og Guds Ord forutset at der er menn i den troande forsamling som ved nådegåve og kall har et særleg leiaransvar.

Bibelen seier klart ifrå at en mann skal ikke ligge med en mann slik en ligg med ei kvinne, det er avskyeleg (3Mos 18,22).
Både i Rom 1 og i 1 Kor 6 får vi høyre at dette er synd, ja skammeleg utukt.
Men vi får også høyre at nokre som levde slik en gong, har vorte rensa, helga, rettferdiggjort i den Herre Jesu namn og i vår Guds Ånd. Det vil sei; der var også nokre som vart frelste frå et samliv med det same kjønn (sjå 1 Kor 6, 9-11). Synda kjem frå det syndige hjarta, frå kjødet, den gamle syndige natur. Slike lyster er på linje med andre syndige lyster som bor i syndarhjarta. Men en ting er at lystene er der, en annan ting er å fylgja de syndige lystene - leve etter de. I Rom 1 talar apostelen alvorlege ord om Guds vreide, ulydnad og det å verte overgjevne til et samliv imot naturen ( Rom 1, 25f).

III. Kyrkjesyn
Vi kan spørja om bibelkritikken er medverkande årsak til at den ene lutherske læraren i teologi etter den andre går over til den katolske kyrkja. Må en ty til ubibelsk kyrkjeautoritet og pavedømet fordi den bibelkritiske teologien har gjort Skrifta sin autoritet usikker? Som medlemer av reformatoriske kyrkjer, som barn av vekkjingane frå Hans Nielsen Hauges tid og framover, må vi ikke gløyme at i den nye pakt er det berre ett prestedøme, det alminnelege. Det er ikke et nødsprinsipp at hyrdar og leirarar i forsamlingar som høyrer til bedehus eller misjonshus forkynner, døyper og deler ut nattverden. Det nye testamente gjev oss prinsippa for at nådemidla høyrer til de troande der de samlast og der de arbeider. På same tid er det viktig at de ulike nådegåvene på lekamen vert oppmuntra. Det spontane vitnesbyrdet må få plass. Bønetenesta må oppmuntrast. Og vi må ikke gløyme de som enno er utan kunnskap om Jesus Kristus - de som lever utan Gud og utan von (sjå Ef. 2). Også bedehusfolket kan kome inn ei system-tenkjing som kan verta ensrettande og skape tronge kår for det levande livet. De ytre ordningane er stillas som vi står på for å bygge Guds rike. Og de må ikke få en autoritet som i realiteten tek plassen for de bibelske livslover i Guds rike. Stillaset må ikke ta mer autoritet enn Bibelen og bodskapen der. Vi kan tenkje på Ludvig Hope når han tala om krepsen og skalet. Det er livet som skaper nytt skall, ikke nytt skal som skaper nytt liv. Og Tormod Vågen som ofte understreka at"salighetens orden må stå over kirkens orden". Med det mente han at ytre organisasjonsformer skal hjelpe oss å vinne menneske inn i Guds rike (sjå også Oscar Handeland og Johannes Lavik). Vidare har det vore understreka at bedehusfolket er et vekkjingsfolk. Vi vil at mennesket skal verte overbevist om synd og nåde.

De mange døypte må kome til personleg omvending og tro på Jesus.
Vi står i en bibeltradisjon der vi lærer og tror at både Ordet saman med vatnet og Ordet ålene er gjenfødingsmiddel. Vi underslår ikke Guds nåde ved sakramenta. På same tid forkynner vi omvending for den som er døypt, men som ikke lever i samfunn med Gud ved Jesus Kristus. Et anna spørsmål som stadig er framme, er dette om vi kan støtte statskyrkjeordninga. No skal vi på ingen måte tenkje vondt om de som ynskjer å vere med i det som i vår samanheng er kalla frikyrkjer. Det er de som for sit samvit skuld ikke lenger kan vere med i Den norske kyrkja. De ser det som støtte til de vedtak som vert gjort i kyrkja sitt regi- også de liberale og de som tillet et liv imot Guds Ord. Difor går de over i andre kyrkjesamfunn. I de fleste land er der ikke noko som heter Statskyrkje, slik som i Norge. Ordninga har gjeve rom både for liberale og bibeltro kristne. De frie kristne organisasjonane har innafor denne ramma stort sett hatt høve til å ordna sin kristne aktivitet som de hadde tro for, utan innblanding frå stat eller statskyrkjeembete.

Til tider har vi sett at statspolitikarar som vil bruka Statskyrkja til å markere bestemte teologiske syn, for eksempel syn som er på kollisjon med Skrift og vedkjenning. For nokre år sidan hadde vi en kyrkjeminister som sa at han var"både dauv og blind" når det kom til spørsmål som gjekk på den kristne læra. Han ville ikke som kyrkjeminister blande seg inn i debatten om kristne lærespørsmål. Den kyrkjestatsråden kom ikke frå noko parti som er i regjeringa i dag. Det er ikke lenge sidan vi fikk høyre at kyrkjeministeren vi no har gjerne kunne tenkja seg å utpeike endå ei dame til biskop i kyrkja, noko ho også gjorde. Men Skrifta lærer at ei kvinne ikke skal vere lærar i den kristne forsamling (1Kor 14 og 1Tim 2-3). Kyrkjeministeren utala seg i et lærespørsmål. Ikke nok med det; ho handla også imot det som Herren har sagt i sitt heilage Ord, at ei kvinne ikke skal vere forstandar og tilsynsmann (1Tim 2-3 og 1 Kor 14). Et anna spørsmål er kor mykje vekt kristenfolket vil tilleggja det som skjer i Statskyrkja som statens religionsvesen.

Nær opp til dette kjem spørsmålet om homofili og kyrkjelege tenester.
Det ser ut til at et aukande tal biskopar og prestar synes å godta - ikke berre at verda sine barn lever i homofile- og lesbiske seksuelle forhold, men at også de som kallar seg kristne kan leva slik, ja de kan til og med vere hyrdar i Guds forsamling. Dette kjem vi attende til i neste emne om lekmannsverksemda.

Eg vil her seie litt om det aktive politiske press som biskopar og prostar i den senare tid har gjeve uttrykk for når det gjeld Norge sitt forhold til maktbruk eller krig mot terrorist-statar og terrorisme. Biskopen i Oslo saman med leiarskapet i Kyrkjerådet og nokre prostar har gått sterkt imot maktbruk overfor Irak. En stakkars statsminister skal vera så god å bøye kne for "kristenfolket" som desse leiarane vart kalle i Vårt Land for nokre dagar sidan. Eg spør redaksjonen i Vårt Land: kan de bekrefte at desse leiarana tala representativt på vegne av kristenfolket? Sikkert både ja og nei, om det vart undersøkt nærmare. Det er troleg mange kristne i Norge som ikke vil fylgja den fordømande tonen av USA frå nokre som sit i kyrkjelege stillingar.

Mitt poeng er: det er ulike syn på maktbruk også mellom kristne.
Difor ville det vere godt å sleppe den autoritative befalande tonen fra nokre kyrkjeleiarar i Norge- befaling om korleis Norge skal forholde seg overfor terroristar og de som støttar slike. Ei høyring i kristenfolket ville troleg gje et nyansert bilde av kva som kan vere "kristenfolket " sine meningar i denne sak. I spørsmål som gjeld det verdslege regimente er der mange ulike svar. Ingen av oss ynskjer krig. Men det er tider i historia då Gud tillet krig og maktbruk for skuld sitt overstyre. Vi skal ikke gløyme menneskeverdet, det er sant. Det gjeld kven det enn er.

Også Israelsfolket som i aukande grad opplever hat, motstand og terror.
Det gjeld også alle som lever under de islamske totalitære regimer- de som risikerer døden dersom de kjem til tro på den enaste sanne Gud, ved hans Son Jesus Kristus.

Det gjeld også det ufødde liv.
Ca. 15000 barn vert drepne i mors liv kvart år her i vårt vesle land Norge.
Har vi høyrt sterke bisperop om dette i det siste?
Vil prostane i Oslo kome med et opprop om å verna det ufødde liv?
Vil de be Storting og Regjering gjere om den liberale lova slik at krigen mot de ufødde kan stanse?
Ja, det gjeld signal frå oss alle.
Vi har nokre uredde prestar mellom oss som mista si teneste i kyrkja fordi de sto fram i kampen for det ufødde barnet.
Kyrkjeministeren og Regjeringa burde klart og tydeleg slå fast: desse djerve uredde menn som vil fred og liv for de ufødde skal i det minste sjølve få fred og ro i kyrkja. Når biskopar og andre leiarar får halde fram trass i brudd på Skrift og vedkjenning, var det rimeleg at desse som forsvarer barnet med fredelege midlar fikk vere prestar i ei folkekyrkje som bygg på Skrift og luthersk vedkjenning. Men heller ikke det kyrkjelege byråkratiet gjev slike signal til kyrkjeministeren, ser det ut til. Tvert imot så måtte fleire av desse menn gong på gong i fengsel for sine fredelege demonstrasjonar. Dette er ei stor skam for folket vårt. Regjeringa burde be om tilgjeving for det som er gjort mot desse prestane som vil verne om livet- og eg støttar det synet at de straks burde få tilbake stillingane sine, dersom de ynskjer det.

IV. Avslutning:
Gjev akt på deg sjølv og på læra, haldt ved med det, for når du det gjer skal du frelse både deg sjølv og de som høyrer deg, skriv apostelen Paulus til Timotheus (1Tim.4,16). Skal vi kunne veilede andre må vi veilede oss sjølve, det er sant. Å leve i det daglege samfunn med Jesus. Å ikke sleppe bibelkritikken til i de mange små valg vi må gjere- der vi so lett kan kome til å sjå forbi troskapen mot Herren og hans Ord. Vi skal vere lydige mot de styresmaktene Herren har gjeve oss, også de som kan vere tøffe. Men styresmaktene på si side skal vere til hjelp for det gode, ikke legge til rettes for det vonde. Vi står overfor ei ny drøfting av Grunnlova og vår nasjonale fridom. Og mange spør om vi skal selge fridomen vår. Vi høyrer lyden av et utal nye lover frå byråkratiet i Brüssel. Det vert fortalt om de svimlande summane det skal koste å kome inn i det europeiske selskap. Eg tror vi må tenkje på at verda er mer enn Europa, det gjeld også samkvem og handel. Forstår vi kva det betyr å ha nasjonal fridom? Vi har den i alle fall i nokon grad enno- og vi kan stadfeste den overfor de som vil okkupere landet vårt.

Bibelen seier vi skal lyde Gud mer enn menneske når det gjeld vår tro.
Det ynsker vi for våre barn og barnebarn. Det ynskjer vi for de kristne forsamlingane i dette landet. Men trengelsen kan kome- ja den vil kome etter Guds Ord. Det skal kome ei tid då de tror de gjer Guds vilje når de tek livet av dykk, sa Jesus. Som de har forfulgt meg, sa han, slik skal de forfylgje dykk. Ja, de skal verte hata for mitt namn skuld, sa Herren. Vi må rekne med trengsel for Kristi skuld. Men vi har fått vona, lyset. Jesus Kristus er verda sitt lys. De mange familiemord i den senare tid avspeglar stor nød, personleg, i ekteskap og heim. Det er ikke fleire voldsfilmar på TV-skjermane som er løysinga der fortviling, angst, oppgitthet står i sentrom. Då er det omsorg, kjærleik, varme, forståing som er så viktig. Peike på han som elska verda slik at han gav sin enborne Son for kvar og en. Formidle kallet frå han som sa: Kom til meg alle de som strevar og har tungt å bere, hjå meg skal de få kvila dykk ut
(Matt 11)


Tilbake til hovedside - i de siste dager - lastet : 23.06.06
Hosted by www.Geocities.ws

1