KJENTFOLK



Kristen Skjeldal


Andreas Vistnes, Dagen 25.4.2006

Trua p� Jesus gjennom heile karrieren
Han har konkurrert mot P�l Gunnar Mikkelsplass, Vegard Ulvang, Bj�rn D�hlie, Thomas Alsgaard, Gunde Svan, Vladimir Smirnov og junioren Petter Northug. Etter 145 verdscupstartar sidan debuten i 1988 var denne vinteren den siste sesongen med internasjonale skirenn for Kristen Skjeldal (38).

- Eg er ferdig med fulltidssatsing. Men egg kjem til � trena bra framover. Det er farleg for hjarta til ein toppidrettsut�var � slutta br�tt med trening, seier Skjeldal til Dagen. Han utelukkar ikkje at han kanskje kjem til � vera med i Noregsmeisterskap p� ski i framtida berre for moro, men trur ikkje det vert fleire medaljar.

Nokre p�st�r at han har trent 12.000 timar sidan han vart med i internasjonale skirenn i 1988. Sj�lv har ikkje Kristen talt timane. Men han r�par at det � trena ikkje har vore ei sur plikt for � bli best mogleg i konkurransane. Treninga har vore timar med glede og fine naturopplevingar. Samstundes krev internasjonal satsing mykje trening. So denne kombinasjonen var vore ein sokalla vinn-vinn situasjon for Bulken-l�paren fr� Voss. Han synest faktisk at det blir vemodig no � ikkje trena like mykje som f�r. Etter sesongen 2005-2006 som Kristen avslutta med NM-gull p� femmila i Vads� p� ettervinteren, vil han no prioritera annleis etter at han stifta eigen familie i 2004.

Ikkje rik p� pengar
So mange sponsorkroner og premieutbetalingar i ulike valuta har det ikkje blitt. - Eg har aldri hatt pengar som motivasjon for � trena eller delta i internasjonale renn, fastsl�r Kristen. Han vedg�r at det til tider var vanskeleg med motivasjonen n�r deltakarar som han rekna som kameratar, vart tekne for doping. Tanken p� at ogs� andre kanskje juksa f�r eit meisterskap, gjorde han trist og lei. Det var som ein sorgprosess. Som han klarte � arbeida seg gjennom og fortsette. - Eg er glad for alle �ra eg har f�tt med meg i karrieren. Eg kjenner meg skikkeleg privilegert som har f�tt halda p� med dette, seier Kristen.

N�ktern
- Er du n�gd med medaljefangsten?
- For � vera �rleg hadde eg vel h�pa p� meeir klaff i verdsmeisterskapa eg har vore med i.
Men ein er aldri betre enn det ein f�r vist, fastsl�r Skjeldal n�kternt.
Han har ein sjetteplass i VM som beste resultat.
Ein verdscupsiger er det blitt ved sida av OL-medaljane. Verdscupsigeren kom i finske Lahti i 1991 d� han stod �verst p� pallen med namn som Vladimir Smirnov, Gunde Svan, Vegard Ulvang og Bj�rn D�hlie bak seg p� resultatlista.

Han nedvurderer heller ikkje stafett-OL-gulla sina.
- Det var mange gode norske l�parar og harrd kamp om � koma med p� laget. Eg er stolt og glad for dei medaljane.

Skeptisk til fellesstart
N�r Kristen Skjeldal ser tilbake p� den lange karrieren sin, er det mykje som har endra seg.
- I mine f�rste �r var vi ein stor langrennnsfamilie som gjekk alle distansane, 15 km, 30 km, 50 km og stafett. No har vi f�tt ein eigen familie for sprintar-ane. Ytterst f� av sprintar-ane hevdar seg p� dei lengre distansane, seier Skjeldal.

Han er ogs� skeptisk til dei mange fellesstartane.
Under OL i Torino i februar i �r gjekk til d�mes ei stor gruppe samla i heile femmila og medaljane vart fordelt i spurtoppgjeret p� oppl�pet. Enkelte hevdar at for � gjera langrennssporten popul�r i fleire land, m� ein ha fellesstart slik at mellom-europear-ane forst�r kven som leiar i motsetnad til individuell start som vi nordmenn er oppvaksne med.

Kristen Skjeldal meiner TV-selskapa i Mellom-Europa har mykje skuld i denne utviklinga.
Han er ogs� tvilande til at tyskarar til d�mes ikkje er i stand til � skj�na individuell start. - Det skuffar meg at leiinga i Det Internaasjonale Skiforbundet (FIS) ikkje set st�rre krav til TV-selskapa slik at ogs� individuell start kan bli spanande for publikum. - Kvifor g�r l�parane i samla flokk heilt til m�l under ei femmil medan individuell start gjerne f�r ein vinnar som vinn med to minutt? - Alle l�parane vil ha medalje. Dei ynskjeer ikkje � liggja heilt i tet. Som i sykkel har ein ogs� ein fysisk fordel av � liggja bak. Luftmotstanden og "oppvarma" spor gjer at l�parane som g�r bak, f�r betre tilh�ve. For � gjera eit rykk m� du vera sv�rt sterk for � f� ei luke. N�r ein pr�ver p� rykk, og blir innhenta gong p� gong i unnabakkane, so vil ein ikkje dra feltet lenger. Men ein l�par m� jo g� i tet, men han vil gjerne ikkje bruka mykje krefter underveis for � spara kreftene til ein spurt, forklarar Skjeldal.

Heime under OL
Kristen var skuffa etter � blitt vraka til OL-troppen i Torino som skulle vore det siste store punktum i karriera. Men i ettertid vedg�r han at han truleg ikkje hadde klart � prestera godt i OL utfr� den forma og dei resultata han oppn�dde i forkant. Det vart istaden krinsmeisterskap for Hordaland i �ystese i Hardanger. Men �rets siste l�p: Femmila i NM i Vads� gav ei god oppleving og hans 11. individuelle NM-gull. Eit �r framover vert no Kristen heimeverande med sonen �smund, medan kona Solrun skal ut i arbeid. Dei reknar med at �smund etter dette �ret er blitt s� stor at han kan g� i barnehage slik at ogs� Kristen kan byrja � jobba. Han har alt f�tt ein avtale fr� hausten av med nokre undervisningstimar p� idrettslinja ved gymnaset p� Voss.

Kristentrua
Kristen Skjeldal har i heile sin karriere ope g�tt ut med si kristentru.
- Eg f�ler eg er blitt respektert for det i idrettsmilj�et.
Alt i 1990 "hjelpte" VG og Dagbladet meg d� dei slo opp at eg trudde p� Gud og Jesus like etter at eg slo gjennom som langrennsl�par. So for meg vart det � stadfesta at dette trur eg p�, og det har vore grunnplattforma i livet mitt. Dette aksepterte folk. Men til tider har det vore utfordrande � ta p� alvor dei verdiane som budskapet om Jesus st�r for inn i toppidretten. Eg har hatt tider med stor sjelekval. Toppidretten g�r ut p� � bli best mogeleg sj�lv. Toppidretten har sine eigne spelereglar. Innanfor desse reglane har der likevel vore rom for � visa nestekj�rleik og at ein bryr seg om konkurrentane sine. Det gjeld � skilja konkurranse-situasjonen og kameratskapet utanom, seier Skjeldal.

Guds verdisyn
Han kjem med dette perspektivet attende til fellesstarten, der det gjeld � ha spisse albogar og kava seg fram i feltet ofte p� bekostning av konkurrentar. Dette er ogs� ein grunn til at Kristen best likar individuell start.

- Trua er grunnplattforma i livet mitt. N�r ein l�ftar blikket p� Jesus, blir ikkje resultata i skisporet s� viktige.
Ein kan jo ogs� berre sj� p� tilh�va rundt omkring i verda.
Om eg f�r ein 8. eller 12. plass; kva betyr det mot dei store problema som finst rundt i verda?
Samstundes er det godt � kjenna p� at eg kan koma til Jesus slik eg er.
Det er lett for menneske i v�r del av verda � tenkja at ein blir meir verd om ein presterer betre. Dette kan ein dra med seg inn i Guds-tilh�vet ogs�: At Gud berre er n�gd med meg n�r eg presterer bra. Ein m� ta p� alvor at Gud tek i mot ein med opne armar slik ein er. Det er eigentleg ein fantastisk bodskap!


Tilbake til hovedside - i de siste dager - lastet 20.02.09.
Hosted by www.Geocities.ws

1