Kristen Rocky
Sylvester Stallone tenker p� Jesus i sin nye film med boksaren
Rocky Balboa.
Kan Sylvester Stallones nye film Rocky Balboa bli redninga
for konfirmasjonsundervisninga?
Kan den hardtsl�ande boksaren Rocky f�re fleire menneske til tru
p� Jesus Kristus?
Iallfall er det dette filmskapar Sylvester Stallone sj�lv h�par p�.
Den kjende skodespelaren og regiss�ren har nemleg oppretta ei
eiga heimeside som skal hjelpe kristne � n� inn til andre med
den glade bodskapen. P� www.rockyresources.com har Stallone lagt
ut material som skal stimulere til diskusjonar rundt tru i
den nye filmen.
Snur kinnet til
Stallone har gjort som Mel Gibson og The Passion of the Christ,
og promotert Rocky Balboa til religi�se leiarar i USA.
I ein konferanse f�r den amerikanske premieren sa han at rollefiguren
Rocky har parallellar til Jesus Kristus.
- Rockey er sv�rt tilgivande. Han er ikkjee bitter, og
snur alltid det andre kinnet til. Det er som om heile livet
hans dreier seg om teneste, sa Stallone til dei amerikanske
pastorane og predikantane, if�lgje nettstaden Christian Post.
Trur p� Jesus
Filmen skal if�lgje Stallone handle om frelse - ikkje berre for Rocky,
men for Stallone sj�lv.
Filmstjerna er vaksen opp i ein katolsk heim og har g�tt p�
katolske skular.
Seinare gjorde han "nokre gale valg", men har
den siste tida g�tt igjennom ei forandring i livet sitt, skal
Stallone ha sagt p� konferansen.
- Dess meir eg g�r i kyrkja, og dess meir eg gir meg over til
� tru p� Jesus og lytte til Ordet hans og la han lede meg,
dess meir kjenner eg at presset forsvinn fr� meg sj�lv, sa Stallone.
Og la til, i god Rocky-stil:
- Kyrkja er ein gymsal for sjela.
THERE'S A POINT WHERE
THE BODY STOPS AND INNER STRENGHT BEGINNS.
IT REALLY BEGINNS FROM THE SOUL.
- FROM GOD.
- Sylvester Stallone
Publisert: 12. Januar 2007