Pakistan vil innføra ei kolone for religion i passet. Institute on Religion and Public Policy fordømmer forslaget, og trur dette vil føra til meir forfølging.
-Dette er eit steg mot auka religiøs intolleranse og vil setja ny fart i valden mot dei religiøse minoritetane i Pakistan. Det seier Joseph Grieboski, president for Institute for Religion and Public Policy.Det som kan gje auka forfølging i Pakistan, er innføring av ein kolone for religion i passet.
Forslaget kom etter at seks islamistiske opposisjonsparti demonstrerte mot lovendringa frå 2004 som fjerna kolona for religion på passet.
Lovforslaget vil føra til ein vanskelegare kvardag for dei kristne, jødane og dei mindre muslimske grupperingane.