I Afghanistan må dei som har konvertert frå statsreligionen stadig kikke seg over skuldra. - Vi må innrømme at religionsfridom, sliik det er lova i den afghanske grunnlova, ikkje eksisterar. Men det er bra at det internasjonale samfunnet no er klar over dette, seier 36 år gamle Hashim Kabar. Politi, islamistar og til og med naboar kan gjere livet farleg, fortel han.
Nyheitsmagasinet Der Spiegel har intervjua Kabar i Kabul. Kabar konverterte til kristen tru for 20 år sidan, men den gong var det fleire kyrkjer i landet, og kristne og muslimar levde fredeleg side om side.
- Utrydde dei kristne
Men etter at Taliban kom til makta på midten av 1990-tallet vart
dette annleis. Talibans øvste leiar, Mulla Omar, gav ordre om å
fjerne kyrkjene, lynsje afghanske kristne, og sende utlendingar
som tilhøyrde kristen tru ut av landet. Hashim Kabar miste fleire
av sine vener i denne perioden.
Den afghanske grunnlova frå 2004 lovar religionsfridom, men denne ser Kabar lite til. Han er redd for at det som hende Abdul Rahman førre månad, som vart stilt for ein shariadomstol og som kunne blitt dømt til døden, også vil skje med ham. Også andre som har konvertert frå statsreligionen har i det siste blitt arrestert i Afghanistan.
Under jorda
Forfølginga og den konstante faren har gjort at afghanske kristne
har gått under jorda. Motstanden har styrka trua for mange, skriv
Der Spiegel. Ingen veit kor mange kristne det er i landet, men
truleg er det mellom 1.000 og 10.000.
Tid og stad for gudsteneste varierer heile tida, og det blir kalla til gudsteneste på kort varsel.
- Vi har te klokka elleve, er ein av måttane å seie det på, fortel Hashim Kabar.