DE LUGNA STEGEN BAKOM

Karin Boye, 1941

Lyssnar jag, hör jag livet fly
ständigt snabbare nu.
De lugna stegen bakom --
död, det är du.

Förr var du långt borta --
jag höll dig alltför kär.
Nu, när jag inte längtar längre,
nu är du där.

Käre död, där finns i ditt väsen
något som tröstar milt:
vad frågar du efter om man vuxit stor
eller hela livet spillt!

Käre död, där finns i ditt väsen
något som renar klart:
det som är lika hos onda och goda
lägger du blott och bart.

Följ mig och låt mig hålla din hand,
det lugnar djupt och gott.
Det vackra gör du bärande stort,
det fula gör du smått.

Det är som du ville mig något.
En gåva vill du visst ha:
en underlig liten nyckel --
det lilla ordet ja.

Ja, ja, jag ville!
Ja, ja, jag vill!
Min fromhet lägger jag ner för din fot --
så växer livet till.
SÅ STIG DA I MEG, EINSEMD
Så stig da i meg, einsemd,
storm mitt jordlivs siste skanse
og øyd min tæringsdraum om lykke her.
Du avgrunnssvimre jord,
ver du ei onnor verd,
gjev all din løyndom
i denne gjennomlyste morgonstund,
i denne timen føre dødsens store dag
når einsemdrøyster ropar meg attende
til atterføding or ein annan grunn.
No stormar all mi einsemd mot si grense.
Mitt liv var draum forutan dagklår visse,
og difor eig eg ikkje jorda meir -
Men livet skal eg aldri, aldri misse -
Tor Jonsson, 1951
Karin Boye funnen død
Mai 1941

Var der da ikkje ei einaste hand
som rette seg ut etter di
den gang da grunnen under din fot
for alvor tok til å gli - ?
No står vi her tomhendte alle i hop
og ser mot ei attlæst dør.
Vi skulle ha bydd deg all varme vi eig.
Vi skulle ha gjort det litt før.

Den einsame gjekk frå si einsemd til slutt.
Den frosne har frose i hel.
Var der da ikkje på jorda ein
som kunne ha stått di sjel
så nær at han vàrde deg med sin eld
mot kulden? - Din død gir svar.
Du stod nok og såg deg ikring før du gjekk,
men eld vart du ingen stad vâr.

Så mange blir drivne i døden no
som berre mot livet trår.
Men du var ein døds-friviljug.
Du bøyde deg, trøytt og sår,
mot døden og bad at du måtte bli løyst,
og no har han gjort som du bad.
Eit "takk" var vel siste òm av di røyst
da varsamt han bar deg av stad.

Vi veit det: vi skal ikkje sørgje
for di skuld. Du sjølv har vàlt.
Det er berre det: no når du er sløkt
sansar òg vi kor kaldt
det kjennest ikring oss. Det var just deg
vi ville hatt med oss i kveld,
og frysande, einsame søker vi inn
mot det du har skapt av eld.

Frå Halldis M. Vesaas
"Dikt i samling"
Aschehoug 1977

JARNNETTER

Tyngst var den lange natta
da ingen kom.
Men jarnnetters sorg i mitt hjarte
talar eg aldri om.

Jarnnetters sorg for henne
eg aldri fann,
er tagal som sorga frå alle
usæle armodsland.

Jarnnetters sorg i verda
har aldri dag.
Min elskhug har berre mitt eige
einslege hjarteslag.

Tor Jonsson, 1948

VEGEN GJEKK EG TIL ENDE

Vegen gjekk eg til ende
og står ved det ytste hav
der livet og døden møtest -
Gå bort og grav mi grav.

Æva ber alt i fanget.
Tida har gråt og song.
Så skriv desse orda på grava:
Han har ikkje levt eingong.

Tor Jonsson, 1951

DEN UKJENDE

Eg er ein mann som ingen kjenner.
For den eg er, gjekk støtt ein ukjend veg.
Farvel da, alle gode venner,
som berre kjenner han som aldri likna meg.

Meg kan ingen rose eller laste,
for ingen kjenner meg, og ingen kjem meg nær.
Så tei still venner, så eg slepp å høyre
ros og ris for det eg ikkje er.

Men ein gong kjem vel alle venner
og fører meg til grava. Og så godnatt, godnatt.
Men eg skal fylgje med når dei går heim frå laget,
da skrymtar eg i skuggane, i grenda går eg att.

Meg kan ingen grava ned, det er ingen som har kjent meg.
Det bur ein annan i meg, han åtte aldri ord.
Han lever att i andre og vandrar i sin himmel
på denne barndomsfagre og bombesprengde jord

Tor Jonsson, 1951.

VED GRENSA

Hit er eg komen. Lenger
går ingen veg.
Bortanfor grensa
der bur Gud.

Det kveldar. Eg kviler.
Eg tør ikkje gå
der eg har gått.
Det er inga von meir.

Eg vil ikkje snu.
Men før eg går over grensa,
vil eg eige den djupaste visdom
om landet der Gud bur.

Hit er eg komen. Blind.
No vil eg sjå
eller gå under og gløymast
ubrukt -

Tor Jonsson

E-mail: [email protected]

Hosted by www.Geocities.ws

1