![]() |
||||||||
| BERGEN - �LESUND 2002 | ||||||||
| Eg trudde vi skulle p� fisketur, men det viste seg at det var ei helvetesveke eg hadde meldt meg p�. Fiskestonga hadde eg aldri overskot til � bruka. | ||||||||
| Vi kom oss til �lesund p� 6 dagar, var og oppom eit par fjelltoppar under vegs. (Det einaste som �ydela ei skikkeleg helvetesveke var den gode kameratskapen, djup s�vn, dei daglege restaurantbes�ka, og at vi hadde fint ver heile tida). | ||||||||
| Den f�rste dagen var hard. Starta fr� Salhus litt over 11. Vi var p� land to gongar; p� Feste i Lind�s, og i Kilstraumen i Austrheim der vi �t middag p� kafeen. Vi telta i Skjerjehamn i Gulen (ca kl. 21) nokre f� kilometer fr� Sognesj�en. Den andre dagen var ille. Ut p� ettermiddagen angra eg bittert p� at eg vart med. Bestemte meg for � selja kajakken s� snart eg kom hei | ||||||||
| Det var andre som sleit litt og denne dagen. Nokre timar etter middagspause (ved kafeen i Harbakke i Sollund), oppstod det litt usemje i gruppa. Dei to teltlaga slo difor leir p� to ulike stader. J�rgen Steinhof , Knut Hordnes og eg tok kvelden p� Alden, fekk med oss solnedgangen fr� toppen. Fantastisk utsikt! Ein liten fjelltur gjorde godt etter all padlinga. Vi tok dei andre att ved Tviberg neste morgon. Den tredje dagen gjekk det betre. Gnags�ra hadde f�tt litt kvile under plaster og sportsteip. Alt etter 2 timar fekk vi 10 minuttars pause og halvannan time etter det fekk dei som ville, ta ein matpause og. Knut og Roy Martin syntes det var un�dvendig, s� dei for rett til Flor� og dusja. D� vi kom dit vart det restaurantmiddag p� alle. Vi tok tidleg kveld, fann ein fin leirplass med utsikt mot Kalv�g i Bremanger p� hi sio t� fjorden. Hadde leirb�l med desinfisering (grilling) av kylling m.m. � Morgonen etter blas det friskt fr� s�raust, og vi fekk medvind f�rst p� dagen, men ettersom vi kom nordaustover i fjorden fekk vi sidevind og s� motvind. Vi heldt god fart likevel, og d� vi runda Hornelen (860 moh) fekk vi b�de vind og straum med oss. Denne dagen kunne vi velja mellom � klatra til torps p� Hornelen eller � eta middag. Knut, Roy Martin og eg valde det f�rste. Dei andre fortsette til M�l�y, og vidare til Silda for � sl� leir der. Etter nesten 2 timar med oppoverbakke stod vi p� toppen av fjellet. Fr� kanten av den h�gaste klippa s�g vi rett ned p� fjorden under oss. Der kom det 2 kajakkar til. Det var Synn�ve og Geir Haugvaldstad. Dei n�dde resten av gruppa att i M�l�y. Vi f�lgde sporet deira til Silda via M�l�y, og rakk ein god middag p� ein tyrkisk (!) restaurant. Vi n�dde leiren p� Silda kl. 0100. |
||||||||
![]() |
||||||||
| STADT Eg hadde p� f�rehand bestemt meg for � ikkje padla rundt Stadt om ikkje vindforholda var optimale. Etter ein prat med vakthavande p� v�rvarslinga fann vi ut at padling rundt Stadt var trygt. Vi kryssa over Sildagapet mot Stadtlandet. Det var s�raustleg bris, b�lgjeh�gda var mindre enn 2 meter, ganske ideelt for oss. Mektig natur, bratte klipper og b�er med sj�spr�yt, sol og varmt. Lukt av geitem�kk f�lgde fr�landsvinden som kom til oss fr� det snaubeita og forbl�ste Stadtlandet.� Etter tre timars padling fr� Silda, var vi ved Vestkapp. Surfa gjennom brenningane inn p� Ervikstranda og landa i mjuk, lys sand. Der i brenningane hadde Roy Martin ein liten velt. Han m�tte styra unna ein stein og vart sl�tt rundt av ei brytande b�lgje. Rulla opp, men vart tatt av neste b�lgje og. P� tredje fors�k gjekk det greitt. Det var og litt spennande � g� ut att gjennom brenningane. Alle kom greitt ut. Ved vestspissen av Stadt fekk vi kortvarig kraftig motvind og sidevind, opp i kuling p� det meste. Det vart ikkje grov sj� av det. Vi kryssa fylkesgrensa og slo leir p� Kvams�y. Neste morgon delte vi oss i to grupper att. Lavo-laget ville til Runde. Knut, J�rgen og eg sette kursen mot �lesund via Torsvik. J�rgen sleit med senebetennelse, men heldt likevel god fart. Han bestemte seg for � stoppa i Torsvik. Det burde eg og ha gjort, hadde intens verk i ein muskel bak p� skuldra, ein som eg har god nytte av ved padling. Utelivet i Torsvik var sikkert bra nok det, men restaurantmiddag i �lesund lokka. Knut m�tte dessverre venta� litt p� siste etappen, men han tok det fint. Det var litt stas � padla inn p� hamna i �lesund. F�r Hurtigruta gjekk heim mot Bergen att,� rakk vi ein spasertur og ein god middag i byn. Hadde litt problem med � l�fta gaffelen etter dagens10 timar lange padletur (m�tte opp og t�ya ut eit par gongar under m�ltidet). |
||||||||
| Det at eg er svaksynt (kan ikkje telja fingrar p� armlengds avstand) var ikkje noko stort problem p� turen. Eg m�tte berre passe p� � ikkje bli hengane etter, fordi eg d� ville hatt problem med � finna att dei andre. Det gjekk greitt sidan kajakken min er lettpadla, han var heller ikkje s� tungt lasta. Sidan vi hadde lite vind, savna eg nesten ikkje ror p� b�ten p� denne turen. | ||||||||
| Turen var alt i alt kjempeflott. Ei slik hard veke gir overskot og inspirasjon til vidare trening. Eg vil pr�va � f� med meg liknande ting kvart �r framover. | ||||||||
| Foto: Knut Hordnes. 1. Alden, 2. Sildagapet, | ||||||||
| Tekst: Espen Raa Nilsen | [email protected] | |||||||