Fra "Når star kan jage måse". Lyrikk. (Oktober forlag 1978, ISBN 82 7094 972 8. Ogsåpå CD ROM: "Lyrikk på Forlaget Oktober 73/97", ISBN 82-7094-820-9
Vargen
Vargen er nesten borte no.
Berre eit og anna dyr
snik seg nervøst over viddene.
Dei blir stadig færre.
Ein og ein er dei altfor sårbare.
I dag er vargen nesten borte.
Menneska tok knekken på han.
Før var det mykje varg i fjella.
Uredde sto dei fram i flokk
og det var vanskeleg å knekke dei.
Lat oss lære av vargen.
Lat oss opptre saman i flokk.
Og når nokon av oss blir truga,
slær vi andre ring om dei.
Vi skal ikkje la den dagen kome
då nokon av oss blir jaga streifdyr
på dei trøysteslause viddene.
Vi skal lære av vargen!