Studiene vaare

Det har kanskje kome litt i skyggen av alt det andre me har gjort sidan me kom ned her, men studiene er faktisk hovedgrunnen til at me reiste til  Australia. Sverre har i lopet av dette semesteret fullfoert eit bridging course i engelsk, og han er no klar til aa starte paa hoved studiet sitt som er Master of Leadership and Management. Frode, Runar og Vegard har alle gaatt paa Master of Electrical Engineering, og dei vil ogsaa fortsetja med det i det neste semesteret foer dei forhaapentlegvis er ferdige ein gong i slutten av november.

 

Her er Frode og Runar djupt konsentrerte og hoyrer noye etter kva Clive Maynard, forelesaren vaar, har aa fortelja om digitale computer system ting. Det var ikkje alltid like enkelt aa halda seg vaken sidan undervisninga foregjekk paa kveldstid fraa klokka 1800 til 2100.

Her er Vegard og den einaste andre eleven i klassen, Adam som var ein raser til aa fortelja grove australske vitsar. Framme ved tavla staar Clive Maynard som i tillegg til aa vera forelesar ogsaa er sjef for heile ingenioer avdelinga ved Curtin. Han var ein knakande kjekk kar, og Runar meinte da sikkert var pga at han ligna paa julenissen. Dette var forresten det einaste faget der me var saa faa personar. I dei andre faga var det alt fraa 20 til 100 studentar. 

Av og til blir me ikkje heilt ferdige med skulearbeidet paa skulen, saa daa maa me jobba litt heima. Her held Vegard paa med litt statisikk rekning paa den flotte skrivepulten inne paa rommet hans.

Smøre tur

Daa det byrja aa naerma seg slutten av semester, og me fann ut at me ikkje hadde gjort det saa alt for bra i alle faga fann me ut at me maatte ta utradisjonelle metodar i bruk for aa oppnaa resultat. Derfor tok me like godt ein tur opp til forelesaren vaar, som daa ogsaa som nemt tidlegare er sjef for skulen, for aa hogga litt ved. No skal det nemnast at me hadde snakka om aa besoka han i lengre tid, sidan han bur i eit flott hus langt ute i bushen, men daa han ein dag fortalde oss at han hadde oydelagd skuldera si og ikkje kunne hogga ved, skjonte me at me maatte utnytta sjansen til aa redda i land staa karakter i minst eit av faga. Og sjolv om han hardnakka paastod at det ikkje kom til aa faa nokon innverknad paa karaktergivinga saa kan han daa umuleg stryka nokon som har vore saa snille og hogd eit maal med ved,eller??

Frode og Runar i gong med aa hogga litt Australsk ved. Den var ganske forskjellig fraa den typen ved me er vant til fraa Norge, mykje hardare, men ikkje saa seig som den norske veden saa den var ikkje saa vanskeleg aa kloyve. Den hadde ogsaa veldig lite kvistar i seg.

Runar, Vegard og Frode.

Frode og Clive Maynard (julenissen)

Daa me var ferdige med vedhogginga slappa me av med kvar si oel.

Huset til Clive ligg ca 40 min kjoring fraa Perth midt ute i bushen.. Me vart med paa ein liten sightseeing og fann etterkvart ut at det minna mykje om den naturen me finn heime i Norge. Bortsett fraa at her kunne me risikera aa stoete paa slangar og kenguruar.

Grunnen til av me sa ja til aa hogga ved, var at Clive hadde lova oss at me skulle faa smake paa oelet hans.  Han hadde eit kjoeleskap fylt med mange variantar av heimebrygga oel, baade morkt og lyst. Me smaka paa diverse typar og me fann ut at omtrent alt smaka heilt fortreffeleg. 

Vegard og Runar sit paa terrassen og nyt solnedgangen.

 

 

Hosted by www.Geocities.ws

1