Konto nr: 5700 08 31273 Redningsaksjon

Den blaa soyla paa grafen viser kor mykje me har samla inn, mens den lilla soyla viser kor mykje me treng for aa gjennomfore reparasjonen.

 


Er det liv laga for bilen??  22.07.2002

Atter ein gong har den kjære bilen vår fått store problemer, og denne gongen kan det sjå ut til at den har rulla på vegen for siste gong. Dommen etter at me hadde hatt besøk av vår faste mekanikar var i alle fall særs nedslåande. Hans meining var at motoren var heilt øydelagd og at den må skiftast ut. Ein ny motor vil kosta ca 3500 AUD, mens ein brukt motor vil kosta ca 1500 + arbeid. I og med at me for ikkje lenge sidan brukte nærare 2000 AUD på å fiksa den gamle motoren er me er litt oppgitt, og i augneblinken ser det ut til at vrakplassen blir neste stopp for den raude bussen med den store kengurufangaren.

Det einaste som kan redda bilen no er ein storstilla kronerulling for å få samla inn nok pengar til å få kjøpt ein ny motor. Det er mange her nede som har hatt nytte av bilen vår og me trur nok at den kjem til å bli savna av alle dei som har vore passasjerar på veg til stranda, til byen eller på ein av våre mange utflukter. Me har difor tenkt å testa ut om det kan vera muleg å samla inn pengar til eit slikt formål på heimesida vår. 

Avtalen er slik at dei som gir 50 kr eller meir vil få navnet sitt skrevet på bilen (med sprit tusj), dei som gir 100 kr eller meir vil i tillegg få være gratis passasjerer i bilen så mykje dei måtte ønska, noko som må vera ein god avtale for enkelte her nede f.eks Obi. Alt dette forutsett sjølvsagt at me får inn så mykje pengar at bilen kan fiksast. No har me sjølvsagt ikkje den heilt store trua på at nokon kjem til å vera med å sponsa bilen vår, men skulle det visa seg å koma inn meir enn det me treng vil overskuddet bli gitt til Frelsesarmeen. Dette vil også bli gjort viss det kjem inn eit beløp som ikkje er tilstrekkeleg til å gjennomføra reparasjonen.

Kontonummeret du kan bruka er: 5700 08 31273

Me treng i utgongspunktet ca 1500 AUD, eller ca 6000 kr for å gjennomføra reparasjonen, og me vil om kort tid laga til eit barometer som viser kor mykje me har fått inn..

 

 

 

Siste nytt:
Anonym person gir 500 kr. Me oppdaga plutseleg at det var kome inn meir pengar paa kontoen vaar, men daa me skulle sjaa kven det var fraa saa stod det berre at det var ein konto regulasjon!! Me seier i alle fall tusen takk uansett..

Mariann Marthinussen gir 100 kr og sier at som rik oljearbeider ser hun det som sin plikt aa hjelpe fattige studenter.

Erling Laukhammer gir 500 kr og oppfordrer med dette alle andre foreldre til å gjøre det samme.

Obi har som vanlig ikkje meir pengar igjen, men han seier i ein kommentar at livet hans ikkje vil bli det samme uten bilen vår. Han vil derfor oppfordre alle som har meir enn 22 dollar igjen av studielånet sitt om å gi eit lite bidrag.

 

 

 

 
Hosted by www.Geocities.ws

1 1 1