Didjeridoo

Diverse informasjon om didjeridooen kan du finne paa denne sida:   http://home.mindspring.com/~mcdave1/DidjeriduPage.html

 

Didjeridoo kurs 22.04.2002

Foerste dagen me kom til universitetet her nede, fekk me utlevert ein katalog med alle kursa som var tilgjengelege. Det var mykje aa vela i, men me prioriterte aa begynna med dei mest typiske australske aktivitetane. Me har som tidlegare nemd tatt kurs baade i boomerang kasting og surfing. Saa det einaste som gjenstod foer me kunne foela oss som skikkelege australienarar var aa lera og spela didjeridoo. 

Kurset gjekk over fem kveldar, der me satt og blaaste i eit plastikk royr i to timar kvar gong. Instruktoren vaar heitte Glenn, og han hadde spela "didge", som han saa fint kalla det, i ca tolv aar. Han hadde sjoelvsagt ein raa didjeridoo som laga ein vanvittig lyd naar han spela paa den. Det tok nesten motet fraa oss naar me skulle prova aa kopiera han med vaare spinkle ovings instrument. I kursheftet stod det at ein eigen didjeridoo var inkludert i prisen, saa me saag sjoelvsagt for oss at me kom til aa faa ein ekte tre didjeridoo, med flotte dekorasjonar paa. Skuffelsen var difor noksaa stor naar det viste seg at det me fekk utlevert var eit heilt vanleg PVC royr. Det einaste som gjorde at det skilde seg litt ut fraa eit royr du kan kjopa i ein vanleg royrleggjar butikk, var at det hadde litt bivoks i eine enden for aa danne eit munnstykke.  Men det var faktisk mogleg aa faa brukande lyd ut fraa dette royret ogsaa naar me foerst fekk litt trening. Saa for dei av daake som har lyst til aa begynna ein karriere som didjeridoo spelarar heime i Norge saa er det berre aa gaa til naermaste Comfort butikk og kjoepa eit PVC royr som er ca 1.2 m langt og har ca 5 cm i diameter. Deretter faar du tak i litt bivoks som du smelter paa eine enden og formar som eit munnstykke, saa er det berre aa blaase det du makter og haape at du faar litt lyd ut i andre enden.. 

Naar det gjaldt prestasjonane vaare paa kurset saa maa vel heile gjengen sei seg nogde med det dei klarte aa prestera i lopet av dei fem vekene kurset varte. Alle fekk til slutt til den viktige og krevande sirkulasjons puste teknikken som gjer at du kan lage ein kontinuerlig tone, og at du faktisk lagar lyd ogsaa naar du pustar inn. Forelopig klarer me ikkje aa spele i fleire timar slik som instruktoren vaar paastaar at han kan gjere, men me klarer i alle fall nokre minuttar. Den som laerte dette kjappast var Sverre som allerede etter tredje kvelden hadde noksaa god kontroll paa puste teknikken sin. Runar fekk ogsaa taket paa dette  forhaldsvis kjapt,  men dei hadde to veldig forskjellige maatar aa spela paa. Begge spela slik ein kunne forventa ut fraa deira forskjellige natur, Sverre spela med kraft og energi og klarte som regel aa overdoyva dei andre paa kurset med sine hoge og kraftfulle blaase seriar. Runar spela derimot  roleg og kontrollert og laga dermed litt mindre lyd enn det Sverre gjorde.

Naar det gjeld Frode og meg sjoelv saa tok det litt tid for kroppen vaar aa forstaa at det faktisk var mogleg aa presse luft ut av munnen samtidig som me pusta inn gjennom nasa. Men i lopet av siste kvelden saa fekk ogsaa me dette til, saa daa kunne me pusta letta ut etter aa ha gjennomfoert ei 30 sekunders solo speling som alle maatte igjennom paa slutten av kurset. No gledar me oss berre til me kjem heim og skal ha konsert for alle paa Stord i lopet av julehelga. Saa daa er daake i alle fall advart... (Vegard)

Bilder fraa didjeridoo kurs:

Frode og Grethe

Sverre og Runar

Vegard og Sverre

1
Hosted by www.Geocities.ws

1