Gamle saker:

Pressemelding om utstemninga 22.07.2002

Resultatet av avstemminga  me har hatt på sida vår har tatt ein dramatisk vending den siste tida. Etter at Sverre store deler av tida har hatt desidert flest stemmer har det jamna seg veldig ut i lopet av dei siste vekene. Og i går kunne me for første gong sjå at Vegard  faktisk hadde fleire  stemmer enn Sverre. Det er mistankar om at enkelte personar heime i Norge er med og påverkar avstemninga meir enn det me kunne onska.  Men det kan likevel visa seg at dei har satt inn sluttspurten litt for seint, for i og med at Sverre har hatt ei soleklar leiing heile tida, så har han vore på intens bustadjakt den siste tida. Og i helga så fann han endeleg noko han lika, og som han sannsynlegvis kjem til å takka ja til. Avstemninga vil likevel halda fram heilt til fredag denne veka, så faar me heller sjå kva me gjer viss ikkje resultatet blir slik me hadde trudd det skulle bli. Inntil daa kan eg berre oppfordra alle til å stemma på Sverre slik at det blir litt enklare for oss. For me vil sjølvsagt halda det me lova om at det er dykk der heime som skal faa bestemma.

Tilbake til kvardagen  16.07.2002

Daa var me trygt og godt tilbake i Perth etter ein hendingsrik ferie. Det har skjedd mykje løye og me har mott mange interessante menneskjer. Det einaste som var litt kjedeleg var at enkelte av oss fekk deler av ferien meir eller mindre spolert pga sjukdom. Først vart Vegard litt småsjuk og brukte dei første dagane til å sova. Deretter var det Sverre som vart slakk. Han vart faktisk så sjuk at han måtte til legen for å faa ein antibiotika kur. Også Runar og Frode var litt småslakke i periodar, og enkelte netter så låg me og hosta i kor. Men ingenting var så alvorleg at det gjorde at me måtte gjera endringar i reise opplegget vårt, og me har vore me på alle aktivitetane som me hadde planlagd.

Turen byrja i Cairns som ligg noksaa langt nord på austkysten. Her regna det i bøtter og spann daa me kom, men det var heldigvis den einaste gongen me såg noko regn i løpet av turen. Teoretisk sett så skulle det ha blitt kaldare og kaldare til lenger sørover me reiste, men i vårt tilfelle så var det stikk motsett. Veret vart berre finare og finare til lenger sør me kom, heilt til me avslutta med tre dagar på stranda i Gold Coast i 30 grader og strålande sol. Å gi ein detaljert beskriving av alt me har gjort på turen vil ta veldig lang tid så her kjem ein liten stikkords forma oppsummering:

- "Sea Kayaking" rundt Fitzroy Island
- 5 timers Rafting tur i Tully River
- 3 dagars segltur med Siska ein 80 fots Maxi yacht
- Boomerangkasting og linedancing på ein kvegfarm i Dingo
- 3 dagars 4 WD safari på verdas største sandoy, Fraser Island
- Fallskjermhopping, tandem hopp over ei strand like utanfor Brisbane (Frode og Vegard)
- Svomming i basseng saman med selar. I folge Frode var dette hogdpunktet på turen.

For meir informasjon og bilete frå turen kan du gå inn på fylgjande link. Queensland2002

Endeleg ferie  16.06.2002

Den siste maanaden har vore prega av saerdeles mykje skulearbeid. I periodar har me omtrent budd paa skulen, og Runar og Frode vurderte faktisk ei stund aa lage seg eigne senger paa datalabben, sidan dei var der 90% av dognet likevel. Ein dag jobba dei til klokka var halv fem om natta foer dei var oppe klokka aatte for aa ha ein presentasjon. Det vart konsumert store mengder Red Bull for aa klara den prestasjonen. Men no er alle presentasjonar og eksamenar overstaatt, og sjoelv om me ikkje har faatt veta alle resultata har det har gaatt forholdsvis bra.. Me kjem vel ikkje til aa setja nokre nye rekordar naar det gjeld gode karakterar, men me reknar med at me har staatt i alle faga, og sidan dette var foerste semester her nede med nytt spraak og nye studie vanar, saa var det hovudmaalet vaart.   

No ser me fram til ein god vinter ferie som skal brukast til avslapning og reising. Dei fleste har sikkert faatt med seg at me skal paa ein 16 dagers adventure tur til ost kysten i neste veke. Me skal ta fly via Sydney til Cairns foer me reiser ned langs kysten Brisbane. Paa turen skal me m.a rafte, seile, padle i kano og ri paa hest inn i bushen pluss mange andre ting som eg ikkje kjem paa i farten, men da blir sikkert rasande festleg.. Me gler oss i alle fall veldig.. Daake faar ha da bra saa lenge, og saa faar me satsa paa at da fina veret som har vore i Norge held seg ogsaa resten av sommaren.. 

Big Brother avdeling Perth   29.05.2002

Foer neste semester tar til har me funne ut at ein av bebuarane i huset maa vika plassen for ein engelsk talande person. Me har hatt det fint i lag den tida me har budd her, men no er det paa tide at me byrjar aa snakka litt meir engelsk saa daa maa minst ein av oss ut. Symbolsk nok saa passerte me 100 dagar i huset i  forrige veke, saa difor passar det vel bra aa velga ut kven som maa flytta paa skikkeleg Big Brother vis. Det blir derfor opp til dykk der heime aa bestemme kven av oss fire kjekke gutane som maa ut paa jakt etter ny plass aa bu.  

17.mai feiring    28.05.2002

17. mai feiringa her nede var ein stor suksess. Foerst paa dagen var ca 250 nordmenn samla nede ved Swan River for aa gaa i tog og hoera paa talar. ANSA, den norske student organisasjonen hadde ogsaa diska opp med ekte norske polser pluss at dei arrangerte alle dei tradisjonelle lekane me kjenner saa godt fraa Norge. 

Paa kvelden var me endaa fleire samla paa ein uteplass nede i sentrum. Der var det mykje god og billeg drikke, eit glass med champagne kosta t.d ca 10 kr og ein pint med oel litt under 20 kr. Ellers saa kan det jo nemnast at eg og Sverre hadde faatt i oppdrag aa halda damenes tale. Det vart sjoelvsagt ein stor suksess, og Sverre fekk atter ein gong vist fram sine kunstar i ballett utstyr. Det byjar nesten aa bli ein vane aa visa bilder av han i slikt utstyr, men dei som er interessert kan gaa inn og sjaa bildene fraa 17.mai. 

Paa bildet kan du sjaa resultatet av arbeidsverkstaden me hadde dagen foer 17.mai. Daa laga me nemleg vaar eigen fane, i tillegg til at me sydde det store flagget som Sverre viser fram. Det maaler 1.10 x 1.50 m og det tok ca 3 timar aa traakle det saman ved hjelp av naal og traad henta fraa Sverre sitt militaer sysett. (Vegard)

Bilen tilbake paa vegen   19.05.2002

Mange og lange diskusjonar maatte til foer me klarte aa bestemma skjebnen til bilen vaar, men til slutt kom me fram til at me like godt kunne legge ut litt pengar paa aa fikse den opp. Hadde me kjoept ein ny bil i same prisklasse er det vel store sjansar for at noko liknande hadde skjedd med den ogsaa. Paa loerdag var me difor aa henta den friskmelde bilen vaar fraa verkstaden, og heldigvis vart det litt billegare enn det me foerst hadde frykta. Rekninga kom til slutt paa 1900 dollar ( ca 9500 kr). Og daa har me i foelge bilverstaden 2 aars garanti paa arbeidet som vart gjort. Saa gjenstaar det berre aa sjaa kor lang tid det gaar foer noko anna bryt saman..

Bilen paa verkstad!!!  13.05.2002

Dette blir ein kort men trist melding.. Daa Frode og Vegard var paa veg for aa staa paa wakeboard onsdag i forrige veke fekk plutseleg den kjaere bilen vaar store problem.. I dag fekk me telefon fraa verkstaden der me har levert inn bilen om at det maa tildels omfattande reparasjonar til for aa faa den tilbake paa vegen. Toppen og radiatoren er oydelagd pga overoppheting, og totalt vil  reparasjonane koma paa ca 2200 AUD, ellers ca 11000 kr. Dette er nesten i meste laget aa leggja ut paa ein bil som me kjopte for 2800 AUD. Me har hatt lange moter paa kva me skal gjera, men har ikkje blitt einige om me skal gi bilen ein ny sjanse eller om me maa kjopa oss ein ny.. Gode raad fraa heimlandet blir tatt imot med glede... 

Nye linkar 08.05.2002

Det er mange som har spurd oss om korleis me bur her nede, og korleis den flotte bilen vaar ser ut. Difor har me laga nokre nye linkar der me har lagt ut bilder av bilen og huset.  Det kan ogsaa nemnast at Sverre har store ting paa gong. Han har nemleg byrja aa putle med si eiga heimeside. Denne kan takast i augnesyn via linken hans heilt til venstre paa denne sida. Me har og faatt oss ein ny hobby her nede, nemelg wakeboard. Bilder og informasjon om denne artige aktiviteten kan du finna til hogre paa sida..

Didjeridoo kurs 22.04.2002

Foerste dagen me kom til universitetet her nede, fekk me utlevert ein katalog med alle kursa som var tilgjengelege. Det var mykje aa vela i, men me prioriterte aa begynna med dei mest typiske australske aktivitetane. Me har som tidlegare nemd tatt kurs baade i boomerang kasting og surfing. Saa det einaste som gjenstod foer me kunne foela oss som skikkelege australienarar var aa lera og spela didjeridoo. 

Kurset gjekk over fem kveldar, der me satt og blaaste i eit plastikk royr i to timar kvar gong. Instruktoren vaar heitte Glenn, og han hadde spela "didge", som han saa fint kalla det, i ca tolv aar. Han hadde sjoelvsagt ein raa didjeridoo som laga ein vanvittig lyd naar han spela paa den. Det tok nesten motet fraa oss naar me skulle prova aa kopiera han med vaare spinkle ovings instrument. I kursheftet stod det at ein eigen didjeridoo var inkludert i prisen, saa me saag sjoelvsagt for oss at me kom til aa faa ein ekte tre didjeridoo, med flotte dekorasjonar paa. Skuffelsen var difor noksaa stor naar det viste seg at det me fekk utlevert var eit heilt vanleg PVC royr. Det einaste som gjorde at det skilde seg litt ut fraa eit royr du kan kjopa i ein vanleg royrleggjar butikk, var at det hadde litt bivoks i eine enden for aa danne eit munnstykke.  Men det var faktisk mogleg aa faa brukande lyd ut fraa dette royret ogsaa naar me foerst fekk litt trening. Saa for dei av daake som har lyst til aa begynna ein karriere som didjeridoo spelarar heime i Norge saa er det berre aa gaa til naermaste Comfort butikk og kjoepa eit PVC royr som er ca 1.2 m langt og har ca 5 cm i diameter. Deretter faar du tak i litt bivoks som du smelter paa eine enden og formar som eit munnstykke, saa er det berre aa blaase det du makter og haape at du faar litt lyd ut i andre enden.. 

Naar det gjaldt prestasjonane vaare paa kurset saa maa vel heile gjengen sei seg nogde med det dei klarte aa prestera i lopet av dei fem vekene kurset varte. Alle fekk til slutt til den viktige og krevande sirkulasjons puste teknikken som gjer at du kan lage ein kontinuerlig tone, og at du faktisk lagar lyd ogsaa naar du pustar inn. Forelopig klarer me ikkje aa spele i fleire timar slik som instruktoren vaar paastaar at han kan gjere, men me klarer i alle fall nokre minuttar. Den som laerte dette kjappast var Sverre som allerede etter tredje kvelden hadde noksaa god kontroll paa puste teknikken sin. Runar fekk ogsaa taket paa dette  forhaldsvis kjapt,  men dei hadde to veldig forskjellige maatar aa spela paa. Begge spela slik ein kunne forventa ut fraa deira forskjellige natur, Sverre spela med kraft og energi og klarte som regel aa overdoyva dei andre paa kurset med sine hoge og kraftfulle blaase seriar. Runar spela derimot  roleg og kontrollert og laga dermed litt mindre lyd enn det Sverre gjorde.

Naar det gjeld Frode og meg sjoelv saa tok det litt tid for kroppen vaar aa forstaa at det faktisk var mogleg aa presse luft ut av munnen samtidig som me pusta inn gjennom nasa. Men i lopet av siste kvelden saa fekk ogsaa me dette til, saa daa kunne me pusta letta ut etter aa ha gjennomfoert ei 30 sekunders solo speling som alle maatte igjennom paa slutten av kurset. No gledar me oss berre til me kjem heim og skal ha konsert for alle paa Stord i lopet av julehelga. Saa daa er daake i alle fall advart... (Vegard)

Surfekurs  (16.04.2002)

For eit par veker sidan var me paa eit nybyrjar kurs i surfing som vart arrangert av ANSA (den norske student organisasjonen). Kurset vart avvikla paa Trigg beach som ligg ca 40 min kjoering fraa der me bur. Paa forhand var me litt engstelige for aa skulle ligge ute i sjoen som haifode i fleire timar, men daa me kom til stranda og saag at det laag fleire hundre andre og duppa ute i bolgene saa tenkte me at sjansen for aa bli tatt tross alt er veldig liten. 

Foerst fekk me ein del informasjon om korleis bolgene oppforer seg, diverse surfe reglar og til slutt korleis me skulle staa paa brettet. Saa bar det ned til stranda for litt torrtrening i sanden foer me la paa svom ut mot dei store bolgene. Til aa begynne med skulle me berre surfe paa "brutte" bolger, det betyr at me ikkje fekk prove oss i slike bolger som du ser karen paa bildet surfer paa.  Men den dagen me hadde kurset var bolgehogden ganske stor saa me hadde meir enn nok aa stri med allikevel. 

Naar det gjaldt sjoelve surfinga var det tydeleg at ingen av oss hadde proevd dette foer, saa det vart mykje knall og fall og dei fleste av oss brukte mykje energi for aa klara aa komma oss opp paa brettet i det heile tatt. Ein liten oppsumering av korleis dei forskjellige familie medlemene gjorde det blir som foelger..

Sverre har faatt mykje skryt for boomerang kasting og andre gode prestasjoner her nede, men det blir vanskelig aa finne noko positivt aa seie om surfinga hans. Han var for det meste under, bak, framfor eller ved siden av brettet. Me hadde ein som skulle filma oss naar me surfa og han klarte i alle fall aldri aa fanga han i det han faktisk var oppe paa brettet. Naar det gjaldt Frode saa var det mykje likt som med Sverre, men han paastaar i alle fall sjoelv at han var oppe paa brettet i opp til fleire sekund, men meir om Frodes prestasjoner kan du sjaa her

Eg var saa heldig at eg vart filma ein gong eg fanga ei kjempeboelge og surfa heilt inn til strandkanten, men det var stort sett den einaste gongen eg stod paa brettet i meir enn 5 sekund. Men den beste surfaren av oss var den litle, smidige og spenstige Fitjar karen, Runar. Han spratt opp paa brettet gong etter gong, og han har nok ei stor framtid som surfar langs dei flotte australske strendene.     (Vegard)

Tilbake til studiene (10.04.2002)

No er me trygt tilbake i Perth etter ein vellykka paaske ferie. Bildene fraa turen til Exmouth der Runar, Frode og Vegard var med kan du sjaa her. Me haapar ogaa aa kunne legge ut nokre bilder fraa turen der Sverre var paa tur med tre japanesarar. Han har tatt nokre bra bilder av kvalhaiane som han dykka saman med, og saa har me eit par bilder der me virkeleg faar sett hoydeforskjellen mellom ein gjennomsnitts nordmann (Sverre) og ein japanar.

Ellers saa er det kanskje ein del som heilt feilaktig har faatt inntrykk av at me berre er paa ferie her nede, og at me ikkje gjer noko fornuftig. Dette er sjoelvsagt ikkje sant og sjoelv om me kanskje ikkje har vaert like flittige som alle asiatarane  saa er me innom skulen kvar einaste dag. April og Mai er kjent som dei travlaste maanadane,  no kjem innleveringane paa rekke og rad, prosjektene begynner aa komme skikkeleg i gong og i begynnelsen av juni er det eksamen i dei fleste faga vaare. Saa no er det slutt paa det meste som har med ferie og avslapping aa gjere for ei stund framover. Men me vil sjoelvsagt prova aa faa tid til ein liten fest innimellom slik at me har noko aa skriva om.

Pressemelding!! (10.04.2002)

Det har plutseleg dukka opp rykter i gjesteboka vaar om at ein av australiagutta er forlova heime i Norge!! Desse ryktene kan sjoelvsagt avkreftast med ein gong daa dei ikkje har noko med den virkelege verda aa gjere. For aa unngaa liknande rykter i framtida vil me difor benytta anledningen til aa forklare korleis situasjonen eigentleg er. 

For tida er ingen av oss hverken gift eller forlova. I skrivande stund er det heller ingen som har noko som kan kallast kjaerest, sjoelv om dette til tider kan vera noko uklart. Haaper me kan unngaa slike falske rykter paa sidene vaare i framtida, daa dette kan fore til store problemer for dei det gjeld.  

Paasketur (26.03.2002)

Neste veke er det paaske ferie her nede og daa har me tenkt aa reisa litt rundt for aa faa sett litt meir av kva Australia har aa by paa. Paaskeferien vaar kjem ei veke seinare enn det me er vant med fraa Norge. Her nede er dei ikkje saa noyne paa om det er heilag dag eller ikkje saa me skal gaa paa skulen fram til torsdag denne veka. Men paa langfredag faar me fri, og daa legg me i veg paa buss tur nordover langs kysten. Det vil sei at Vegard, Runar og Frode skal reisa paa busstur, mens Sverre skal reisa nesten same reiseruta med bil. Han har blitt invitert med paa tur av nokre japanske klassekameratar saa han takka ja til dette.

Maalet for turen er Exmounth som er ein by som ligg ca 120 mil nord for Perth. Denne byen er kjent for sine vakre strender og sine fantastiske dykke muligheter. Den stoerst attraksjonen byne har aa by paa er at det i enkelte perioder av aaret er mulig aa dykke saman med den stoerste av hai artene, nemlig kval haien. Den kan bli opptil 18 meter lang, men er heldigvis av det venlege salget. Men det er tvilsomt om me faar oppleve dette da me kjem opp litt for tidleg. Me skal bruka fem dagar paa vegen opp, og i foelge dei flotte brosjyrane me har lest skal me stoppa ved alle severdigheter og flotte strender paa vegen nordover. Andre innslag paa turen vil vera: sand surfing, edderkopp safari og snorkling med delfiner. Ha det bra og god paaske til alle heima i Norge.

Boomerang kurs  (08.03.2002)

Som me har nevnt tidlegare saa meldte me oss paa eit bomerang kurs. Dette er ein av dei mest saeregne tingene i Australia saa det maa me jo laera oss. 

Kurset vart avholdt paa eit anna universitet i Perth, nemleg Edith Cowan University som ligg ca 25 min kjoering fraa oss. Me klarte sjoelvsagt aa moeta opp paa feil plass noko som medfoerte at me kom nesten 30 min for seint. Men naar me foerst kom fram saa klarte me i alle fall aa gjera oss bemerka, eller da vil sei Sverre klarte aa gjera seg bemerka. Etter aa ha kasta bomerangen to ganger ville instruktoeren paa kurset ha han med paa da Australske landslaget. Han hadde nemleg aldri sett ein nybegynnar  kasta ein bomerang saa hardt og bra som det han klarte.

Foer me begynte fekk me beskjed om at det ikkje var kraft som var det viktigaste, men som den kraftkaren han er saa heiv sjoelvsagt Sverre saa hardt han kunne. Dette medfoerte at bomerangen vart omgjort til eit livsfarleg mordvaapen og instruktoeren maatte gjentatte gonger skrika "down, down" til den skrekkslagne gruppa som stod og saag paa. Til slutt fekk Sverre utdelt ein "long distance " bomerang som berre dei beste pleide aa bruka, og den sendte han avgaarde til den andre sida av cricett banen som me brukte som oevingsfelt, foer den kom tilbake mot oss i ein voldsom fart.  

Men heldigvis kom me levande fraa det og no maa me berre hjelpa Sverre med treninga fram mot eit bomerang stemne han kanskje skal vera med paa her i Perth i midten av April. Saa faar me sjaa om han kan satsa paa ein karriere som profesjonell bomerang kastar.  

Utforsking av kulturlivet i Perth  (07.03.2002)

Fredag kveld hadde me delt gjengen i to, Vegard og Frode var paa ein fest med ein gjeng med nordmenn, mens Sverre og Runar skulle ta turen til Perth for aa sjekka ut litt av kva byen har aa by paa av kulturelle tilbod. 

Denne kvelden skulle to kjente skuespelarar med dei fengande navna, Devinee Lane og Sydnee Steele,  ha eit live show paa ein uteplass som heitte Metro.  Det er vel kanskje ikkje alle som drar kjensel paa desse to amerikanske skuespelarane, men i den sjangeren dei befinn seg er dei kanskje dei aller hottaste for tida. Dei har medverka i eit uttal av filmar og er kjent for aa ha eit naert og godt forhold til alle sine skodespelar kollegaer. 

I foelge vaare to utsende observatoerar var vist showet veldig bra og dei kom heim med eit stort smil om munnen og kvar sine signerte plakatar.  

Housewarming party i 22A Mc Kay Street  (23.02.2002) Bilder

Som seg hoer og boer saa laga me til ein liten innflytningsfest i huset vaar etter at me hadde budd der i ca to veker. Siden me ikkje hadde vore saa lenge i Australia og ikkje kjente saa mykje folk var me redde for at det ikkje ville komma saa mangen paa festen vaar. Derfor inviterte me stort sett alle me traff paa og sa at dei maatte ta med seg vennenne sine, og naar me foerst var kome igang med denne taktikken saa viste det seg at det fungerte veldig bra saa etter kvart saa rekna me ut at det ville komma mellom tredve og forti stykker, og det meinte Frode fekk vera meir enn nok i det litle huset vaart, saa han satte foten ned for vidare invitasjonar. Men desverre var det ingen som hoerte paa han.

Me hadde laga til eit stort papp kort som alle gjestene skulle signera naar dei kom, og naar me talte over signaturane dagen etter fann me ut at det hadde vore minst 65 stykker inne paa festen  Sannsynlevis var det enda fleire, men uansett saa var det mykje meir enn me hadde rekna med saa neste gong skal me proeva aa hoera paa Frode. 

Men festen gjekk veldig greitt for seg og sjoelv om det var ein overvekt av nordmenn der saa hadde me innslag fraa veldig mange andre nasjonar ogsaa. Blant anna var vaare asiatiske naboer der og dei hadde med seg ein slags sushi som innflytningspresang. Det var vel ikkje det beste me har smakt, men for hoeffelighets skyld var me noeydd til aa smaka paa det. Det var ogsaa ein gjeng med svenskar der og i og med at det var midt under OL saa maatte me gjera litt narr av dei paa grunn av den forferdelige svenske innsatsen i "OS". Det var stor jubel naar me kunne skryte over Norges 11 gull og over at Australia faktisk slo svenskane med sine to gull. Men eit lite plaster paa saaret fekk dei allikevel daa dei fekk kvar sin heimelaga gull medalje for at dei var saa sporty at dei turde aa komma paa den "norske" festen vaar.

Ellers saa hadde festen innslag av alt som hoeyrer heima paa ein skikkeleg hus fest, og dei aller fleste av oss holdt det gaaende til langt paa natt. Men av ein eller annan merkeleg grunn saa saag me lite til Sverre. Han forsvant midtvegs  og dagen etter  kjefta me paa han for ikkje aa ha tatt seg av gjesten vaare, men daa paastod han at det var akkurat det han hadde gjort.......!? 

Bilder fraa festen vil bli lagt ut saa snart som muleg.

Endelig paa nett..

Daa har me endelig kome paa nett her paa skulen. Da har vore mykje surr no i byrjinga foer me har faatt tilgang til internett. Derfor har det blitt daarlig med oppdatering av sida vaar. Dette vil forhaapentlegvis bli mykje betre i tida som kjem. Me faar forelopig ikkje legga inn bildebehandlingsprogram paa skulen sine maskiner saa inntil me faar dette eller me kjoper vaar eigen maskin saa vil det ikkje bli lagt ut bilder..

Ellers saa kan me vel berre konstatera at me stortrives i vaar nye tilvarelse og me ser lyst paa livet dei kommande arene.. Ting vil sikkert bli litt annleis naar me kjem i gong med studiene, men me haaper at me kan faa tid til aa vera med paa ein del av dei aktivitetane som er tilgjengelege her nede. Sverre har funne ut at Australia eigentleg berre er ein stor lekeplass. Og da e ikkje tull ein gong, spoersmaalet e berre om me faar tid til aa vera med paa alt me har lyst til.. Forst paa programmet staar kurs i boomerang kasting og digeridoo speling.. Da er viktig aa komma inn i den australske kulturen saa disse gamle tradisjonane ser me det som ein plikt aa laere oss..

I gaar var heile gjengen ein tur paa stranda for aa vera med paa ein annan vanleg tradisjon her nede, nemleg after bathing.. (Det vil sei alle untatt Frode som ikkje kom seg opp etter loerdagens utskeiinger. For dei som ikkje visste det fraa foer saa kan me no konstatera at Frode lika aa sova. Han har forsove seg til stranda to dagar paa rad). After bathing (som me har doypt det) er ein fantastisk fin tradisjon. Daa flytter alle menneskene seg opp fra stranda i stort sett dei samme kleda som dei hadde paa seg naar dei laag og solte seg og saa samles alle samen paa ein kjempe svaer uteplass. Og saa sit alle der og drikk oel og berre nyt livet. Herlig...

Perth Mandag 18. Februar 2002

Rot og tull

Sjølv om me byrja planlegginga av denne turen for nærmare eit år sidan er det fortsatt ein del som gjenstår før alt er klart. For øyeblikket er det berre Vegard som har alle formalitetar i orden. Frode er også kommen ganske langt i løypa, og ventar berre på eit endeleg opptaksbrev frå Curtin.

Runar har alle papira i orden, men dei klarer ikkje heilt å bestemma seg for om han må ta eit engelsk kurs parallelt med første semester eller ikkje. Sverre har tatt ein haug med TOEFL testar, men har foreløpig ikkje passert den magiske 230 poengs grensa. Det er difor snakk om at han kanskje må reisa ned ein månad tidligare for å ta eit engelsk forberedelses kurs. Men dei har no brukt to veker på å bestemma om dette er nødvendig så han ventar fortsatt i spenning. 

Utdanningsplan

Me skal alle studere Master of Electrical Engineering ved Curtin Univesity i Perth. Denne master graden er eigentleg eit eitt årig studie, men i det er normalt å bruka ca 2 år på å bli ferdig. Første semester tek til 18. Februar 2002, og me reknar difor å vera heilt ferdige i løpet av november 2003.  Faga me skal ta vel me ut frå ei liste med fag slik at me kan setja saman vår eigen master grad.

Bilder og rapporter

Her vil det bli lagt ut bilder etter kvart som me begynner å gjera oss kjent i det australske nærmiljøet...

Avreisetidspunkt

Så sant alle formaliteter går i orden reiser me i samla flokk nedover 5. Februar 2002. Då skal me på ei skikkelig melkerute som vil ta oss til Perth via Oslo, København, London og Hong Kong..

Hosted by www.Geocities.ws

1