New Zealand 2003   3.- 25. februar

Nordøya    Queenstown    Franz Josef`    Rotorua     Heim

Etter at me hadde vore ei veke i USA så reiste me vidare til New Zealand der me kjørte rundt i tre veker. Me landa i Aucland og brukte først ei veke på å utforske nordøya før me tok ferja over til sørøya der me var resten av tida før me enda opp i Christchurch for å ta flyet tilbake til Australia.

Bubilen

Her er den flotte bubilen som me kjørte rundt i. Det var Runar som hadde ordna gliset og i følge han så var me visst veldig heldige som fekk leiga ein bil i det heile tatt. Normalt så var det fleire måneders ventelister på slike bilar i høgsesongen. Til å begynne med var me litt skuffa over at den ikkje hadde den vanlege boksformen som bubilar pleier å ha, men etterkvart skjøna me at me hadde fått tak i bubilen over alle bubilar. Me fekk utallige lengtande blikk frå andre bubilturistar som beskreiv bilen i særdeles smigrande ordelag. "What a beauty", høyrde me at dei sa både titt og ofta. Av og til stod middeladrande menn utanfor og hadde høglytte diskusjonar mens me låg og sov inne i bilen, veldig facinerande kor stor interesse det kan vera for eit slikt svært uhamslig kjøretøy.

(Frode, Vegard,Runar,  Kjerstin, Frode) Me fann oss fort til rette i sovekroken bak i bilen. Me prøvde å dela på køyringa så godt som me kunne, men det vart fort klart at favorittplassen var her bak i kroken der me kunne ligga og slappa av og nyta ferielivet til fulle.

 

 

Plassen inne i bilen var ikkje allverden å skryta av så det var godt at ikkje alle som var med hadde like lange bein som Vegard. Me prøvde å laga til eit kort bord, men da var ikkje så lett. Beina kom stadig i vegen og etter fleire veker på reisefot så er det ikkje alltid at dei luktar så veldig godt så me måtte berre gi opp heile kortspelinga.

Sidan me ikkje kunne få tida til å gå med kortspel så måtte me finna finna på andre aktivitetar. Her er det Frode og Runar som inngår eit veddemål om Runar klarar å få eit heilt halvliterglass inn i kjeften. Og som dåke ser så gjekk jo det strålande.

Me var egentlig heldige og hadde lite problemmer med bilen, men eit øydelagt dekk opplevde me i alle fall. Det var egentlig ganske morsomt. Heile ytre delen av dekket løsna plutselig utan at sjølve dekket punkterte. Det smalt skikkelig då gummien slo opp i bilen i 100 km/t og tilfeldigvis så skjedde det rett ved der ein politimann hadde veipatrulje. Han kom ilande til for å hjelpa og stilte villig opp for fotografering. Sidan me ikkje kunne kjøra vidare måtte me parkera bilen på nærmaste parkeringsplass og overnatta der før ein kar kom og fiksa dekket vårt dagen etter.

Etter at me hadde stått parkert i Queenstown i 5 dagar og spela musikk kvar kveld så var det slutt på batteriet også. Me prøvde først å skubba bilen i gong. Men å trilla ein dieselbil i gong er lettare sagt enn gjort. Til slutt fekk me lånt nokre startkablar slik at me kom oss tilbake på vegen.

Når beino, og resten av kroppen, lukta for ille så måtte me inn i den altfor tronge dusjen vår for å vaska oss litt. Her er da Vegard som er i aksjon.

Sjå bilder frå nordøya

 

 

Hosted by www.Geocities.ws

1