Bilen 

Mitsubishi L300, 1985 modell, 1.8 liter bensin motor, 8-seter, 3 trins automatgir.

Sidan avstandane her nede er saa store som dei faktisk er, saa er me heilt avhengige av aa ha bil. Til aa begynne med saa var me innom ein del bruktbil butikkar for aa sjekke utvalget deiras, men me fann ikkje noko som me lika. Me hadde likevel avtale med ein bilforhandlar at han skulle halde av ein Ford Falcon stasjonsvogn for oss i nokre dagar. Denne var forholdsvis grei, men det stanka bensin inne i den naar me kjoerte saa me var litt skeptiske..

Kvar sondag kjem det ut ei avis her som har eit eige billag med bilannonser. Her fann me fram til ein 8-seter Mitsubishi L 300 1985 modell som me ringde paa. Selgaren skulle ha 2800 AUD som tilsvarar litt under 14000 kr. Han kom og viste den fram til oss litt seinare paa kvelden, og etter ein liten provetur bestemte me oss for aa slaa til.. I foelge eigaren som heitte Paul, var motoren nesten heilt ny og han hadde skifta mange viktige delar for ikkje saa lenge sidan. Me har den haldninga at me stolar paa alle australienarar, og sidan Paul var laerar tenkte me at han var sikkert ekstra paaliteleg. Me kjoepte difor bilen paa staden utan aa pruta ein einaste dollar. Og fram til no saa har me ikkje noko aa klaga paa for bilen har gaatt som ei klokka, og med sine aatte sitte plasser er den heilt perfekt for oss naar me skal ut paa utflukt med heile familien og alle vennene vaare.. Det einaste som ikkje virker er speedometeret, det gav seg etter at me hadde hatt bilen i ca to veker. Men det er berre ein fordel sidan kilometerstanden ikkje aukar..

Nokre bilder:

Her er gliset vaart med den flotte kenguru fangaren i fronten.

Paa dette bildet saag den nesten liten ut, men da e kanskje fordi me e saa veldig store!?

Frode og Runar paa taket..

Frode som sjaafoer.. Han har virkeleg forstaatt at automatgir e avslappande aa kjoera med.

 

Hosted by www.Geocities.ws

1