HOME SWEET HOME

kafenio= landsbykaf'e, raki=kretisk(tyrkisk) druebrennevin

For aa ta konklusjonen f�rst; viss du nokon gong skulle komme i stuss om noko medan du ferierer i Hellas, saa er det berre aa gaa til neraste kafenio og sp�rre han som ser ut som om han har sete der ei stund..

Sp�r han om kva som helst : Kvinner. Menn. Barneoppdragelse. F�dsler. Sterilitet. Virilitet. Fotball. Jugoslavia. Den Europeiske Union. Skattepolitikk. Ern�ring. Potetdyrking. Hygiene. J�der. Verdenssamfunnet. Verdenshistoria. Universet. Verdens oppstandelse. Verdens undergang.

Du trur kanskje at denne botnlause br�nn av visdom er vel mykje for ein liten kortvokst mann med hengebarter og hengemage, men der tar du feil.

Du ser det naar han svarer. Det kan ta si tid, ikkje fordi han ikkje veit svaret, men fordi ein mann som sit pe sin kafenio alltid let deg forste kva han meiner om sp�rsmaalet og ikkje minst kva han meiner om aa ,la oss kalle det, lette pe br�nnlokket for di skuld :

-han ser ut til sida

-eine munnvik gaar ned mens den andre gaar opp

-augebrynene hever seg ein smule

-han let blikket langsomt gli over fjella, havet, nedetter vegen, vindusutstillinga i butikken over gata, dei ved nabo-bordet

-han helser h�fleg pe eit par forbipasserande

-han lener seg godt bakover i stolen og sler oppgitt ut med eine handa (den som held sigaretten, ikkje den med raki-glaset)

-han smiler samtidig som han puster h�glytt ut

-han ser pe deg. Fra f�ttene og opp

-han svarer, medan ovannevnte prosedyre blir gjentatt med jamne mellomrom

Har du lest "Sofies verden" og misunt ho m�ta med Hippokratis, Platon og Sokrates ?
Vel, no blei det din tur.


Litt for enkelt, synest du kanskje. Vi nordmenn liker jo aa tru at svara skjuler seg i Kontiki-ekspedisjoner, p� S�rpolen eller kanskje p� m�nen.
Det er berre fordi vi bur i Noreg.  Med eit klima som v�rt er det heilt klart at alle svar befinner seg ein eller annan stad langt vekke.
For ein greker p� sin kafenio-stol er situasjonen ganske annaleis.
Han myser lett med augene i det sterke solskinnet og tvinner raki-glaset mellom fingrane medan han nyt synet av alt som gror og veks og blomstrer ganske av seg sj�lv.

Det er slik han og alle grekerer med han blir overtydde om at alle svara er akkurat her. Fjellet han studerer fra sin kafenio-stol er eit maleri, verdilaust p� baksida. Nabolandsbyen har ingenting aa l�re bort. Til Athen reiser han kun p� legens befaling, og utanom Hellas grenser s�ker berre den som er tvinga av fattigdom.
Ein ekte greker forst�r ingenting av den nysgjerrigheita og utfartstrangen som Leif Eriksson og alle oss andre med vikingblod i �rene lider meir eller mindre av. Ein ekte greker lengter aldri vekk. Berre heimatt.

Hosted by www.Geocities.ws

1